Ein Gud som snur seg

Ho nærma seg flokken som gjekk framfor henne, skriver Hans Johan Sagrusten i andakten.

Publisert Sist oppdatert

Eigentleg våga ho ikkje, men ho rette likevel ut handa og tok i kappa til ein av dei. Ho trudde ikkje han kom til å kjenne det, men Jesus snudde seg, og då han såg henne, sa han: «Ver ved godt mot, dotter! Trua di har frelst deg.» Og ho vart frisk i same stunda.

Jesus snudde seg. Han vende andletet til henne som strekte seg ut etter han. Dette er i grunnen nok for oss å vita denne dagen: Jesus snur seg og ser oss når vi freistar å nå fram til han.

Oppe i eit tre sat det ein mann. Han ønskte berre å få sjå kven Jesus var. Og endå mannen ikkje laga den minste lyd, så høyrde Jesus ropet i hjartet hans, det ropet etter Gud som vi ber djupt inne i oss. Og Jesus stansa opp, vende andletet til han og sa: «Sakkeus, kom ned! For i dag må eg ta inn i ditt hus!»

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP