Dement midt i livet

Rundt 3.000 kvinner og menn vert ramma av demens i 40- eller 50-åra. Dei og deira pårørande har vore ei gløymd gruppe.

Publisert Sist oppdatert

Mieneke van Delden Christiansen fekk sjokket: Mannen hennar fekk vite at han var dement som 59-åring.

Oslo-mannen hadde i alle år levd eit aktivt liv som sivilingeniør og forretningsmann, med fire bikkjer og eit stadig liv i skog og mark, på ski og til fots.

Rett nok hadde kona over nokre år fått eit og anna spørsmål frå vener som tykte mannen tok til å oppføre seg rart. Alltid hadde han vore den som stod tidleg opp og laga kaffi til kameratane på hyttetur. Men klokka fire var i tidlegaste laget. Mieneke van Delden Christiansen festa seg ikkje ved det.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP