Fortsatt humanetisk einerett i rådhuset
Human-Etisk Forbund får bruke Rådhuset i Oslo. Men alle andre trus- og livssynssamfunn vert stengde ute frå dei kommunale festlokala.
Dette får du neppe sjå igjen. I 2006 var Kristen-Noreg samla til bøn i Rådhuset i Oslo.
Kurt Torger Pedersen
Humanetisk einerett ser ut til å bli resultatet når forretningsutvalet i Oslo bystyre neste veke vedtek nye retningsliner for bruk av den kommunale storstova.
Humanistisk høyborg. Saka var oppe måndag, men kjem til endeleg vedtak i neste møte. I forslaget som vart drøfta og som venteleg får fleirtal, vert det lagt inn at politiske markeringar og religiøse møte ikkje er velkomne. Det heiter at dette vert teke inn i retningslinene i tråd med «lang praksis».
Men festlokala kan brukast til festmøte og «andre tilstelninger som har en slik offentlig eller kommunal interesse» at det er naturleg å sleppe dei til i festlokala. Dei humanistiske konfirmasjonane og namnefestane til Human-etisk Forbunds vert her nemnde saman med Nobels fredspris som tilstellingar som av den grunn vert ønskt velkomne.
Bestill abonnement her
KJØP