Ber om bedehusfusjon
Indremisjonsforbundet og Misjonssambandet bør slåast saman snarast, meiner lokal indremisjonsleiar. DEBATT: Bør Indremisjonsforbundet og Misjonssambandet slåast saman?
Mange bedehus er ein felles samlestad for ulike misjonsorganisasjonar, slik som Flekkerøy bedehus. Rune Espelid meiner at tida no er mogen for fusjon mellom bedehusorganisasjonane NLM og ImF.
Trygve W. Jordheim
I ein større oppslått artikkel i siste nummer av Indremisjonsforbundet sitt organ Sambåndet skriv Rune Espelid, som er formann i Samnanger Indremisjon, at tida er mogen for fusjon mellom dei to bedehusorganisasjonane.
«Oppdeling av dei små bedehusflokkane i organisjonslojale grupper svekker det lokale lekmannsarbeidet i Noreg,» meiner Espelid.
Svekking. Om bakgrunnen for framlegget skriv Espelid at bedehusfolket er uroa og frustrerte over svekkinga av dei kristne verdiane i samfunnet. Han meiner dette kjem til uttrykk både i nytt lovverk og gjennom liberalteolgisk utvikling i Den norske kyrkja.
Bestill abonnement her
KJØP