Hekta på sorga

Hos somme frys sorga fast etter eit dødsfall. Ny studie peikar på at dei kan ha blitt avhengige.

Publisert Sist oppdatert

Amerikanske hjerneforskarar meiner å kunna måla belønningssignal i hjernen hos folk med kompleks sorg. Desse signala er derimot borte hos dei som er komne vidare i livet etter dødsfallet og sorga.

Studien er publisert i tidsskriftet NeuroImage. Forskarar ved University of Calefornia har studert 23 kvinner som hadde mista ei mor eller søster med brystkreft. Elleve av kvinnene viste teikn på kompleks sorg. Dei andre hadde ein lettare sorgreaksjon.

Bilete. Alle kvinnene fekk sjå bilete av den døde medan forskarane studerte aktiviteten i hjeren deira. Hos alle kvinnene viste det seg klare utslag i den delen av hjernen som er knytt til smerte. Men berre dei med kompleks sorg viste utslag i den delen av hjernen som sender ut signal om belønning, skriv nettstaden forskning.no.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP