Håpet svinn for ballongprest
Flygeinstruktør er ikkje overraska over tragedien.
Håpet svinn for den katolske presten Adelir Antonio de Carli (42) som ikkje har vore sett sidan søndag då han tok av på ein stol festa til 1.000 fargerike festballongar fylte med helium. Hun skulle prøve slå verdsrekorden for å fly med slike ballongar. Redningsmannskap har funne ballongane, men ingen prest, utanfor kysten av Brasil. Så no går dei fleste ut frå at presten har omkome under forsøket.
Mannen som for tre år sidan gav presten paragliding-kurs, omtalar han som ein nervøs fyr som alltid hadde dårleg tid. Etter to-tre månader bad instruktøren presten om å avslutte kurset fordi eigenskapane hans ikkje passa til det å vere paraglider.
– Så det som har hendt, kjem ikkje som noka stor overrasking på meg, seier Marcio Lichtnow til Associated Press, referert i den engelske avisa The Daily Telegraph si nettutgåve.
Bestill abonnement her
KJØP