– Carter er modig
Erkebiskop Elias Chacour, som denne veka gjesta Oslo etter invitasjon frå biskop Ole Chr. Kvarme, rosar den tidlegare amerikanske presidenten.
Chacour har denne veka gjesta Oslo med biskop Ole Chr. Kvarme som vert. Han brukte mykje tid i Oslo på å oppmode til norsk og vestleg solidaritet med kristne i Det heilage landet.
Scanpix
– Jimmy Carter er modig som møter Hamas-leiinga i Damaskus, seier den melkittiske erkebiskopen i Galilea, Elias Chacour, til Vårt Land.
Carter har møtt sterk kritikk mellom anna frå USA for avgjerda om å møte Hamas-leiinga i eksil i Damaskus i Syria. Utanriksminister Condoleeza Rice har, utan å nemne Carter med namn, minna om at «Hamas er ein terroristorganisasjon».
Chacour har denne veka gjesta Oslo med biskop Ole Chr. Kvarme som vert. Han brukte mykje tid i Oslo på å oppmode til norsk og vestleg solidaritet med kristne i Det heilage landet. Chacour mptte utanrikskomiteen på Stortinget og Kjell Magne Bondevik på Oslosenteret.
Bestill abonnement her
KJØP