Får kvinneleg prest

Rose Hudson-Wilkin får ein litt annan kyrkjelyd å preike for enn sin vanlege når ho blir kapellan for dronning Elizabeth.

Publisert Sist oppdatert

Den britiske monarken sin nye kapellan er kvinne, fødd på Jamaica og van med alt anna enn kongelege kår i sin vanlege kyrkjelyd. 49-åringen er til dagleg prest i Hackney, ein trist bydel i London som har vore plaga av ungdomsvald den siste tida.

Ei ære. Ho ser på utnemninga til kongeleg kapellan som ei stor ære for folket i kyrkjelyden og for henne sjølv, men seier ho vil preike som ho før har gjort.

– Noko av det eg er lidenskapeleg opptatt av er at vi høyrer til kvarandre og at vi ikkje må tillate at kulturelle skilnader blir eit hinder for å oppnå kontakt. Eg vil gje merksemd til det liva vi lever i Holy Trinity, Dalston and All Sants og Haggerston, seier Hudson Wilkin til det kyrkelege nyhendebyrået ENI.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP