Vil ribbe Dolly-klonar for ære
Tidlegare kollegaer av Ian Wilmut ved Roslin-instituttet i Skottland ber dronninga ta frå han Sir-tittelen.
Ina Wilmut vart verdsstjerne etter Dolly-kloninga, men har seinare vedgått at det var andre som hadde den største jobben.
Scanpix
Dei meiner at han spelte berre ei mindre rolle i gjennombrotet som gav verda den klona sauen Dolly.
Wilmut har etter Dolly-kloninga reist verda rundt som æra vitskapsmann. Han har også fleire gonger vore her i landet for å halde foredrag om kloning og etikk.
Wilmut har forlete Roslin-instituttet for å bli professor ved universitetet i Edinburgh. Han vart æra med Sir-tittelen som ære for Dolly som vart kjend for verda i 1996.
Bestill abonnement her
KJØP