Ny protest slått ned i Burma

Demokrati-aktivistar i gatene i Burma for tredje gong denne veka.

Tilhengjarar av eit fritt Burma i demonstrasjon i Sør-Korea 7. august i år.
Publisert Sist oppdatert

Dei demonstrerte mot den sterke prisveksten på bensin og andre brensel, og tok ut i gatene trass i at politiet arresterte minst 13 aktivistar tysdag.

Politiet og ein pro-junta-mob knuste marsjen og drog kring eit dusin demonstrantar inn i lastebilar og andre køyretøy, melder telegrambyrået AP frå Yangon i Burma, eller Myanar som landet offisielt heiter.

Militærjuntaen i Burma har slått hardt ned på alle demokratikrevjande grupper. Nobelprisvinnar Aung San Suu Kyi er blitt halden i husarrest i 11 år. Dei fleste av dei 40 demonstrantane torsdag kom frå hennar parti.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP