Nyheter

Libanon-krig blir PC-spel

Den 34 dagar lange krigen Hizbollah førte mot Israel i fjor sommar, er blitt PC-spel.

I Libanon kostar spelet kring 60 kroner. Poenget er å likvidere så mange israelske soldatar som råd og skyte Katusha-rakettar mot israelske byar, melder Reuters.

Spelet heiter Special Force 2 og skal sikre at barna blir glødande opptatt av krigen mot den jødiske staten.

– Dette spelet presenterer motstandskulturen for barna, at vi må kjempe mot okkupasjonen og at landet og nasjonen må vernast, seier mediaansvarleg i Hizbollah, sjeik Ali Daher, ifølgje Reuters.

Han seier at barna gjennom spelet skal skaffe seg ein ide om dei viktige slaga i denne krigen.

Spelaren får i spelet rolla som ein Hizbollah-krigar. Han får våpen og poeng etter kor mange israelske soldatar han tek livet av.

Hizbollah er svært stolt av krigen der 158 israelarar vart drepne. I Libanon vart 1.200, dei fleste sivile, drepne. Israel hevdar på si side at Hizbollah-geriljaen vart svekka i krigen.

Mer fra: Nyheter