Fjernar hotellporno

Den store britiske hotellkjeda Travellodge fjernar pornoen frå 20.000 hotellrom og set inn flatskjermar med 18 barnevenlege gratis fjernsynskanalar.

Publisert Sist oppdatert

– Vi har fleire og fleire barnefamiliar som bur på hotella våre, difor er det på sin plass å fjern vaksen-TV. Kundar har sagt at dei ville føretrekkje å bruke eit hotell utan tilgang til vaksen-innhald, så vi har etterkome ønskja deira, seier Guy Parsons i hotellkjeda i ei fråsegn.

Travellodge seier at kjeda sikkert vil miste ein del av marknaden, men «utan tvil tiltrekkje oss fleire nye kundar på lengre sikt».

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP