Nyheter

Med sju barnebarn i klimakamp

Erik Dammann stilte med sju av barnebarna då han og andre frå Besteforeldreaksjonen samla støtte i klimakampen i Oslo laurdag.

Med raude hattar gjekk dei rundt i sentrum av Oslo for å samle underskrifter til Besteforeldreaksjonen. Etter ein periode å ha brukt kreftene på å få med kjende namn som Per Kleppe, Kåre Willoch, Reiulf Steen, Finn Wagle og Ole Hagesæther, går aksjonen no ut til folk flest.

Nettunderskrifter

Og dei som vil skrive under, kan gjere det på nettsida til Framtiden i våre hender.

Dammann starta gårsdagens markering framfor Stortinget med å halde appell.

– Vi er urolege for framtida til barnebarna våre. Vi som besteforeldre har også eit stort ansvar for denne uroa fordi vi med vårt forbruk, vår bilbruk og våre flyreiser har overbelasta planeten. Dette kunne vi overlate til politikarane. Men vi ser at dei ikkje har teke situasjonen og alvoret innover seg i tilstrekkeleg grad, sa Dammann.

Reknar med vekst

– Regjeringa reknar med 2-3 prosents vekst. Dei reknar med at veksten i Kina og India skal halde fram. Regjeringa og Avinor reknar med dobling av flytrafkken. Noko slepp dei unna ved at mykje av forbruket vårt vert skapt i India og Kina. Men det er vårt forbruk likevel, sa Dammann.

Uråd

Dammann er ekstra uroleg fordi ingen snakkar om korleis den store rekneskapen skal gå opp: Om 30-35 år vil verdas kjøpekraft – og med det truleg også forbruket – vere firedobla.

– Samtidig skal CO2-utsleppa våre då vere reduserte med 70 prosent, om vi skal oppfylle kravet frå FNs klimapanel. Dette er totalt uråd. Dersom vi skal klare dette, må vi sjå på den internasjonle økonomiske ordenen som er lagt opp til vekst. Men dette er det ingen som snakkar om. Det er det å tide at vi gjer, for endring tek lang tid, seier Dammann.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter