19 av 20 avlyser for mange operasjonar
Norske helseføretak klarer ikkje å halde krava frå regjeringa om å avlyse maks fem prosent av sine operasjonar.
Sigmund Løvold (65) er skeptisk til det norske helsevesenet etter at han venta i 30 timar ved Sykehuset Asker og Bærum på ein operasjon som blei avlyst. I september i fjor skulle han, etter eit halvt års ventetid, få lagt inn sin utlagde tarm ved sjukehuset. Men etter å ha venta 30 timar på sjukehuset fekk han melding om at han kunne dra heim igjen fordi operasjonen dessverre var utsett. - Å liggje så lenge og vente var ei påkjenning både fysisk og psykisk, seier Løvold.
ÿystein Franck-Nielsen
Sidan helsestyresmaktene for dryge fem år sidan fastsette eit krav om at ikkje meir enn maks fem prosent av planlagde operasjonar skal bli avlyst, er norske sjukehus langt frå å oppfylle dette.
Dei fyrste åra blei det litt betring, men dei to siste åra har utviklinga stått stille. Tal Vårt Land har henta inn, viser at over 7 prosent av operasjonane i 2009 blei utsett. Det vil seie over 20.000 operasjonar.
Delt skuld. Det er store forskjellar mellom sjukehusa, også innanfor små geografiske område.
Bestill abonnement her
KJØP