16 afghanske kvinner kan bli utvist – Sverige og Danmark gir asyl
AFGHANISTAN: Sverige og Danmark gjev afghanske kvinner asyl basert på kjønn. Noreg følger førebels ikkje etter. Ei regelendring vil kunne påverka 260 afghanske kvinner og jenter i Noreg.
FORVERRA SITUASJON: Burkakledde kvinner med barn går på ein ås med utsikt mot Kabul, på dette bildet frå 2017.
Rahmat Gul
August 2021 tok Taliban tilbake makta i Afghanistan. Gruppa har innført ei rekke strenge restriksjonar på kvinners rett til utdanning, arbeid og fridom.
EUs asylbyrå meiner kvinner og jenter blir behandla på ein måte i Afghanistan som kan seiast å vera forfølging. Byrået anbefaler at det å vera kvinne i Afghanistan skal gje rett til asyl i EU-land.
Sverige og Danmark har vedteke å gje kvinner frå Afghanistan asyl basert på kjønn.