Nyheter

Ynskjer omkamp om ny kyrkje

I slutten av juni skal fellesrådet i Porsgrunn bestemme kva arkitekt som får teikne den nye kyrkja. Det vil lokale sjeler sette ein stoppar for.

Bilde 1 av 7

Sist måndag sendte den sjølvoppnemnde Komiteen for gjenoppbygging av Østre Porsgrunn kirke eit brev til soknerådet i Porsgrunn, der dei krev eit møte og ei avstemming over følgjande:

«Medlemma av Porsgrunn kyrkjelyd ynskjer ei gjenoppføring av Østre Porsgrunn kyrkje. Planarbeidet for alternative kyrkjebygg avsluttast, og utgreiinga av gjenoppføring av kyrkja startar så snart som mogleg. »

Kyrkja i Østre Porsgrunn, som vart bygd i 1760, brann ned til grunnen i april 2011.

– Slik vi ser det har gjenoppføringsalternativet aldri blitt greia ut. Ei objektiv vurdering har ikkje blitt gjort, seier leiar for komiteen, Knut Kallhovde.

LES MER: Det går hett for seg etter kirkebranner

«Kyrkjespetakkelet»

Sidan den gamle kyrkja brann har det vore full krangel om kven som skal bestemme kva slags kyrkje som skal byggast. «Kyrkjespetakkelet» er ordet lokalavisa Porsgrunn Dagblad brukar om debatten.

Soknerådet og fellesrådet i Porsgrunn har ynskja ei ny kyrkje, tilpassa dagens behov. Dei har fått støtte frå biskop Stein Reinertsen.

Komiteen for gjenoppbygging ynskjer ei rekonstruering av den gamle kyrkja. Dei sørgjer også for, ifølgje dei sjølve, at ynskjer i befolkninga blir tatt omsyn til i prosessen. Riksantikvaren har anbefalt utvendig rekonstruering av kyrkja, men vil ikkje blande seg inn i utforminga av kyrkja innvendig.

LES MER: Kirkebrenner skammer seg

Sju forslag

I 2014 gjennomførte fellesrådet ei konseptvalsutgreiing. Då vart ei rekonstruering — ein nær kopi av den gamle kyrkja — avvist. Med støtte frå soknerådet lyste fellesrådet ut ein arkitektkonkurranse for ei «ny, funksjonell kyrkje». I mai i år vart sju teikneforslag offentleggjorde. Alle har eit modernistisk uttrykk, men eit par skriv at dei har latt seg inspirere av den gamle kyrkja.

Ole Johnny Dahle, som er leiar i fellesrådet og for juryen som skal vurdere forslaga, er nøgd med teikningane som har kome inn.

– Eg tykkjer dette er spanande. Eg er ganske sikker på at vi finn ei god løysing, seier han.

Juryen har no starta sitt arbeid og skal ha sitt siste møte 18. juni. Ein rapport skal då sendast over til fellesrådet, som har det endelege ordet i saka.

Følg oss på Facebook og Twitter!

– Veldig seint

Dahle er klar over at Komiteen for gjenoppbygging no krev eit møte og ei avstemming. Det tykkjer han kjem altfor seint.

– Det har vore mange anledningar til å fremje meiningar undervegs, både i møter og i media, seier Dahle.

Leiar i soknerådet, Gjertrud Eide, er einig.

– Under konseptvalet i fjor var dei som ynskjer rekonstruering ikkje i fleirtal. At dei kjem med dette så langt inne i prosessen, gjer at vi går eit steg tilbake, meiner ho.

Kva om det blir møte og avstemming, og det blir fleirtal for rekonstruering — kva konsekvensar får det for prosessen, Dahle?

– Ei slik avstemming er berre rådgjevande, men vi vil likevel argumentere sterkt mot eit slikt utfall i møtet, seier fellesrådsleiaren.

Skal behandle

No skal soknerådet i Porsgrunn vurdere kravet frå Komiteen for gjenoppbygging, ifølgje soknerådsleiar Gjertrud Eide. Ifølgje Kyrkjelova er rådet plikta til å kalle inn til møtet når fleire enn 20 av soknets medlemmar med stemmerett har underteikna kravet. 31 personar har skrive under på kravet frå komiteen.

Enn så lenge kan ikkje Eide seie mykje om korleis dei vil stille seg til kravet.

– Vi skal handsame det, men eg kan ikkje seie når det vil skje. Normalt sett skal vi ikkje ha soknerådsmøte før 22. juni, seier ho.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter