– Det er mange katolikkar som flyttar til Trondheim, så kyrkja betyr meir og meir for innbyggjarane i byen. Det er også grunnlaget for at dei no treng ei ny kyrkje, seier Ottervik.
LES REPORTASJEN FRÅ TRONDHEIM KATOLSKE KYRKJE: Jorda rundt på ein søndag
Nei til skule
Kapellan i kyrkja, Egil Mogstad, har sjølv jobba som lærar i mange år, og ynskjer på sikt ein katolsk skule i Trondheim. Det meiner ordføraren er ein dårleg idé.
– Noko av styrken i denne byen er at alle, uavhengig av tru, kan møtast i fellesskulen. Det handlar om respekt og toleranse. Så eg håper vi ikkje får ein slik skule, seier ho.
Følg #detreligiøsenorge på Facebook og Twitter!
– Eit fellesskap
Mange som kjem til den katolske kyrkja i Trondheim spør om fastlegeordninga, bustadmarknaden og så vidare.
– Kvifor trur du dei går dit og ikkje til det offentlege?
– Det handlar nok om språk og tryggleik. Der har dei eit fellesskap og det er mange som stiller spørsmål. Den religiøse biten er nok eksistensiell for mange, men det sosiale nettverket kan vere like viktig, trur Ottervik.
LES FØRSTE REPORTASJE I SERIEN: Bygde småbruket om til tempel