Nyheter

Vurderer om GMO-mat kan mette

Ein må kanskje slakte ei heilag ku for å mette afrikanarar. Bioteknologirådet opnar døra på klem for genmodifiserte organismar (GMO) i afrikanske åkrar.

– Svært positivt, meiner Tage Thorstensen, forskar ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

Leiar i Greenpreace Norge, Truls Gulowsen, ser heilt annleis på saka:

– Det Afrika treng er eit robust og stadeige landbruk, slett ikkje GMO.

Striden har vore hard lenge, for motstanden mot å sleppe GMO ut i verdas åkrar er knallsterk. På eine sida står Monsanto, eit amerikansk multinasjonalt selskap som er leiande på produksjon av GMO, som no skal fusjonerast med den tyske kjemigiganten Bayer, og bli verdas største leverandør av frø og sprøytemiddel.

På andre sida finn vi ein allianse av nasjonar og organisasjonar som hindrar utstrakt bruk av GMO – mellom dei Norge som har GMO-lovgjevingar som er mellom verdas strengaste. Ein synleg konsekvens av motstanden er manglande vilje til å bruke GMO som eit verktøy i norsk matvarebistand.

LES MEIR: Kan gi verden nok mat

Debatt

Difor vekkjer det oppsikt når leiaren av Bioteknologirådet, Kristin Halvorsen, opnar døra, om enn på klem, for GMO i afrikanske åkrar for å betre mattryggleiken: «Vel vitende om at GMO i Afrika er utfordrende, og slett ingen «quick fix», ønsker vi å løfte fram og diskutere om moderne bioteknologi kan være en del av løsningen», skriv ho i siste nummer av Genialt, Bioteknologirådet magasin.

Saman med direktør Ole Johan Borge i Bioteknologirådet spør Halvorsen, i eit innlegg i Bistandsaktuelt, om ikkje bioteknologi kan mette langt fleire: «Få temaer er mer omstridt og skaper større engasjement enn genmodifiserte organismer, GMO. Er det likevel på tide at vi diskuterer om moderne bioteknologi kan bidra til økt matsikkerhet i Afrika?»

Svolt

Bakgrunnen for at GMO-døra blir opna er øydeleggjande klimaendringar. FNs klimapanel peikar nemleg på at sjølv om ein klarar å avgrense temperaturauken på kloden til to grader, kan halvparten av Afrikas folkesetnad likevel bli hardt ramma: dei risikerer underernæring.

Halvorsen understrekar at på GMO-området er det ikkje lenger store, globale selskap som driv forsking og utvikling. I fleire afrikanske land ser ho at fleire små og mellomstore selskap og forskargrupper som utviklar genredigerte planter og dyr: «Kan vi uten videre avfeie denne muligheten for et kontinentet med sterk befolkningsvekst, og hvor samfunn, økosystem og matproduksjon er sårbart for klimaendringer», utfordrar Bioteknologirådets leiar, som til dagleg er direktør i CICERO Senter for klimaforsking.

Robust

Den internasjonale miljøorganisasjonen Greenpeace er blant dei sterkaste motstandarane av GMO, og leiar i Norges-avdelinga, Truls Gulowsen, seier til Vårt Land at han ikkje ser noko no som skal opne for at Greenpeace skiftar syn på GMO:

– Vi kan tillate GMO om vi ser store miljø- og samfunnsmessige fordelar. Det har vi i liten grad sett til no.

Gulowsen er glad Bioteknologirådet er oppteken av at klimakrisa trugar matvaretryggleiken i afrikanske land, men han meiner GMO ikkje er løysinga:

– Det Afrika treng er eit robust og stadeige landbruk, slett ikkje GMO.

Greenpeace-leiaren trur GMO lett vil bli eit «ei-løysing-passar-alle»-tiltak, og det er ikkje afrikanske land med store landbruksvariasjonar tent med.

LES MEIR: Historisk forbud mot genmodifisert mat

Støtte

NIBIO-forskar Tage Thorstensen helsar Bioteknologirådets fornya syn på GMO velkomen.

– Flott at rådet ser på GMO som ein del av løysinga, særleg i afrikanske land som har størst behov.

Han ser det same som rådsleiar Halvorsen: afrikanske forskingsinstitutt som arbeider med lokalt tilpassa GMO-matvarer.

– Kan Uganda utvikle ein banantype som er langt meir resistent mot sjukdom, kan landet få eit produkt som løyser eit stort problem for dei lokale bøndene - noko vi skal støtte opp om.

Thorstensen seier Norge og andre vestlege land ikkje kan halde fram med å seie nei til GMO fordi dei afrikanske bøndene ikkje får selt varene på den europeiske marknaden, samstundes som det er ein teknologi som kan vere avgjerande for at dei i det heile teke skal kunne drive landbruk.

– Difor må vi støtte afrikanske land som ønskjer å bruke GMO for å utvikle gode produkt.

Berre to land, Sør-Afrika og Sudan, dyrkar i dag kommersielle GMO-sortar. Ytterlegare 13 afrikanske land utviklar genmodifiserte planter for å betre mattryggleiken.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter