Nyheter

Villige til å la kyrkjer bli næringsbygg

Den norske kyrkja har 1.630 kyrkjer. Fleire kan godt bli brukt til andre formål enn gudshus, meiner nesten fire av ti nordmenn.

– Kva skal du ha? spør bartenderen bak disken som fyller midtgongen i det som ein gong var St. Mary’s kyrkje, i 268 år ei staseleg protestantisk kyrkje i Dublin. Her øvde den tyske komponisten George Frederick Händel i 1742, før han urframførte det vidgjetne oratoriet «Messias» i New Music Hall i Dublin.

I dag er Mariakyrkja eit landemerke i Irlands hovudstad. Mange finn seg godt til rette i det tidlegare gudshuset som rommar restaurant på galleriet, bar og kafé i sjølve kyrkja – og nattklubb i kjellaren.

Færre i kyrkja

1. januar tek Den norske kyrkja eit langt steg mot sjølvstende. Ho høgg av band til staten og blir eit eige rettssubjekt, men får ikkje råderett over dei 1.630 kyrkjene, som spenner frå katedralar til kapell, frå monumentale gudshus til trauste­ arbeidskyrkjer, frå staselege kyrkjer til dei som er til nedfalls. Kyrkjelova slår fast at staten skal avgjere om kyrkjer kan seljast.

To utviklingstrekk skaper ­hovudbry for leiinga i Den ­norske kyrkja, når ho no skal bli meir økonomisk sjølvstendig: Kyrkja­ lir under milliardforfall, og oppslutninga om gudstenestene går ned.

• Milliardforfall: Kommunane­, som skal løyve pengar til vedlike­hald og drift av kyrkjer, brukar ikkje nok pengar på kyrkjene. KA – Kirkens arbeids­giverorganisasjon har rekna 
ut at det samla forfallet 
snart 
kan passere 12 milliardar kroner.

• Gudstenestedeltaking: Nordmenn går sjeldnare på guds­teneste. Både talet på guds­tenester og deltakarar går ned. I 2005 blei det avvikla 70.000 gudstenester som samla opp mot 700.000 deltakarar. Ti år seinare kom talet ned i 62.000 gudstenester som samla 577.000 deltakarar.

LES MER: I dag bestemmer staten - Kirken ønsker seg makt over egne bygg

Sel unna

Bildet er likt i mange andre europeiske land. I Norges naboland Sverige har Svenska kyrkan innsett at dei har for mange kyrkjer. Her blir kyrkjer avvigsla og selde.

I Europas nest største kyrkje, Church of England, byr dei fram ledige kyrkjer på heimesida. Dei kan anten kjøpast eller leigast. Church of England opplyser at dei avhendar om lag 20 kyrkjer i året.

I Nederland går utviklinga­ særs raskt. Den katolske 
kyrkja reknar med at to tredelar av deira 1.600 kyrkjer vil vere ute av bruk om få år. Landets protestantiske kyrkjer trur om lag 700 kyrkjer kjem til å stengje i næraste framtid.

God idé i by

Kva så i Norge?

Ei meningsmåling Norstat har gjort for Vårt Land avdekkjer at mange nordmenn er villige til 
å godta at kyrkjer blir brukt til heilt andre formål enn guds­tenester og andre kyrkjelege samlingar.

«I mange europeiske land er det vanleg å leggje ned og selje kyrkjer der aktivitetsnivået er lågt. Kva meiner du om å ta norske kyrkjer ut av bruk og disponere dei til andre formål?», spurde Vårt Land:

• Nesten fire av ti, 37 prosent, meiner dette er ein god eller svært god idé.

• 56 prosent seier det er ein dårleg eller svært dårleg idé.

• Kvinner er meir avvisande enn menn. 60 prosent av kvinnene avviser ideen om å at kyrkjer kan brukast til anna enn kyrkjer, 52 prosent av mennene seier det same.

LES MER: Sterk motstand i to partier

Livsdrikk

Rundt om i Europa­ blir gamle kyrkjer brukt til mange­ ulike formål.

I England er kyrkjer blitt sirkusskule og vandreheimar, i Nederland er kyrkjer blitt ­supermarknad, blomsterforretning, klesbutikk og bokhandel.

I Dublin fortel drikkemenyen på The Church at etablissementet dreg sterke vekslar på bygget dei er i. Frå Drinks Bible kan ein velje David and Goliath. Eller kanskje det smakar betre med Elixir of life.

– Det blir 12 pund og 95 pence, seier servitøren og legg kvitteringa på kyrkjebardisken.

Dublin/Oslo

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter