Bøker

Vil fjerne glansbiletet Petter Dass

Petter Dass-litteratur høyrer heime på historias søppelhaug, meiner forfattar og historikar.

– Mange har slått seg til ro med eit glansbilete av den kjende diktaren og teologen, meiner Kåre Hansen.

I 2006 ga Hansen ut ein biografi om Dass, og sidan har han jobba med ei ny bok om den norske teologen og diktaren. I den vil han også sjå på korleis litteraturen til Dass har blitt behandla etter hans død i 1707.

– Det har på mange måtar ført til det biletet som blir presentert av han i dag, seier Hansen.

LES OGSÅ: Ola Bremnes: – Blir nok aldri ferdig med Petter Dass

Underdanige

– På kva måte har vi skjønnmåla Petter Dass?

– Han vert presentert som ein nordnorsk landsfader som delte raust til trengande. Det blir sagt at han vart sett på som ein snill og god far som ga makt til folket. Men det gjorde han ikkje.

Ifølgje Hansen var Dass ein ortodoks lutheranar som dikta om at folket skulle vere underdanige overfor alle overordna.

– Og han fokuserte særleg på dette når det gjaldt prestar. Dersom ein prest gjorde ein feil, skulle folket ta på seg ei kåpe av forståing og ta saka opp med Gud. Det var i strid med samtidas lover, der ein skulle angi dei som gjorde feil, uansett stand. Det var eit prinsipp i eineveldet, fortel Hansen.

LES MER: Advarer mot å skrote Dass

Vil endre historiebøkene

Petter Dass var mykje godt ein ikkje-figur fram til bygginga av nasjonen Noreg rundt 1905, ifølgje Hansen.

– Då fann dei fram store, norske personlegdomar. Der oppstod Norsk folkemuseum, Grieg, skisport, sagalitteratur. Og Dass var ein del av det heile. Han vart opphausa som ein stor føregangsmann, spesielt i Nord-Noreg, seier han.

LES OGSÅ: Petter Dass som superhelt

Historikaren vil ha nye opplysningar inn i historiebøkene. Han fortel mellom anna om då Dass greidde å forhindre bygginga av ei ny kyrkje i sitt eige sokn, fordi det ville føre til reduksjon av eigne inntekter. Eller då diktaren protesterte kraftig mot ei ny lov som skulle fordele rikdomen frå dei mest velståande sokna rundt om i landet.

I 1691 innførte kongen ein eingangsskatt for å halde liv i norsk forsvar. Petter Dass vart då skattlagt høgst av alle sokneprestane i landet.

– Det vert sagt at Dass talte Nord-Noregs sak overfor styresmaktene. Men det finst ikkje grunnlag for å påstå noko slikt. Han talte berre si eiga sak, seier Hansen og seier alle kjeldene han har funne byggjer opp under dette.

– Bør endre prisen

Kvart år sidan 1995 har Vårt Land delt ut Petter Dass-prisen, til «en person som i god Petter Dass-tradisjon har satt Gud og kristen tro på den offentlige dagsorden på en engasjerende måte.»

Hansen meiner det er problematisk.

– Det som ligg til grunn for prisen er at Petter Dass var ein fantastisk person, og Vårt Land går god for både det han gjorde og det han dikta, seier han.

LES OGSÅ: Rut Helen Gjævert fekk Petter Dass-prisen i 2016

Når Hansen snakkar med folk om Petter Dass, siterer dei ofte salmar. Det er stort sett det forholdet folk flest har til diktaren, trur han.

– Men det som står i salmeboka er utvalde vers. Det er fin litteratur, men noko av det høyrer heime på historias søppelhaug. Som menneske- og samfunnssynet.

– Burde Vårt Land finne eit alternativ til namnet på Petter Dass-prisen?

– Ja, eg syns det. For det som ligg i premissane for prisen i dag, er ei glorifisering av Petter Dass. Og hans måte å utbreie evangeliet på, er skremmande med dagens auge.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker