Dei såkalla «oktoberbarna» retta i fjor haust søkelyset på den norske returpolitikken: Mindreårige asylsøkjarar frå særleg Afghanistan fekk berre mellombels opphald fram til dei fylte 18. Straks dei blei myndige, blei dei skyssa tilbake til Afghanistan, og særleg til ­hovudstaden Kabul, for her var det trygt. Mange av ungdommane kom frå andre delar av landet, som er definerte som «utrygge».