Nyheter

– Viktig at dei kjem i gang tidleg

Flyktningar med traume treng støtte og hjelp i byrjinga. Terapien kan kome seinare, meiner forskar.

Bilde 1 av 2

Det er usikkert kor mange av flyktningane som kjem til Noreg som slit med traume.

Men avgrensa studiar ved Nasjonalt kunnskapssenter for vald og traumatisk stress (NKVTS) har vist at 70 prosent hadde så mange symptom at det tilfredsstilte krav til diagnosar.

Soveproblem

Forskar Marianne Opaas har jobba med flyktningpasientar over fleire år. Ho presiserer at dette er flyktningane med størst problem – det gjeld ikkje fleirtal av dei som kjem.

– Nesten alle eg møter har store problem med å sove. Det kan vere fordi dei har så høgt indre stressnivå i kroppen. Nokon kan vere redd for å få mareritt. Andre sovnar, men vaknar opp igjen mykje gjennom natta, fortel ho.

LES OGSÅ: Alt om flyktningane i Noreg og Norden

Andre typiske symptom er at ein ser farar overalt.

– Dei er på vakt og er engstelege. Plutseleg dukkar det opp eit minne, slik at dei blir borte frå det som skjer her og no. Nokre av dei som slit mest, isolerer seg og deltek ikkje i samfunnet, seier Opaas.

Lærer ikkje norsk

Kva konsekvensar har dette?

– Det gjer at dei fungerer veldig dårleg på dagtid. Derfor har mange vanskeleg for å lære seg norsk. Nokon droppar ut fordi dei er skamfulle over at dei ikkje kan nok. Dei som fullfører, får kanskje heller ikkje med seg så mykje, fortel forskaren.

– Det hindrar dei å kome i gang med livet her. Om dei ikkje klarar å lære noko eller fungere i ein jobb, så er det lite å fylle sinnet med anna enn fortida.

– Dei må få kome i gang

Hittil i år har det kome meir enn 800.000 flyktningar og migrantar over Middelhavet til Europa. Det er fire gongar så mange som i heile fjor. 30.110 asylsøkjarar har kome seg til Noreg hittil i år.

– Er vi i Noreg i stand til å ta imot dei som kjem med traume på ein god måte?

– Eg trur det kan bli vanskeleg, men eg veit at mange miljø er i gang med å finne ut kva dei kan bidra med, seier Opaas.

LES OGSÅ: En dag banket IS på døra til «Hassan». Nå er han på en gård i Hedmark

– Det som har mangla til no, er det å få lov til å kome i gang, lære noko, og bruke tida til noko meiningsfullt når dei er på mottak. Det er ofte veldig passiviserande og øydeleggjande å ikkje ha tilgang til norskkurs, anna opplæring eller jobb. Det er ofte då minna byrjar å kome.

Støtte først, så behandling

Ifølgje Opaas er det støtte og hjelp som gjeld frå byrjinga av. Flyktningane må kjenne seg trygge, og ha høve for aktivitet. Organisasjonar kan tilby aktivitetar på mottak, og pensjonerte lærarar kan lære dei norsk og matte, foreslår ho.

– Ein treng ikkje tenke behandling med ein gong, men heller sjå korleis det går etter eit år eller to. Dei som framleis slit då, bør få hjelp, meiner forskaren.

LES OGSÅ: UDI snur i kors-spørsmål

Opaas har hatt eit forskingsprosjekt gåande med flyktningpasientar over ti år.

– I mitt prosjekt gjekk det i gjennomsnitt ti år før dei kom i behandling. Då er trauma fastgrodd og det tek veldig lang tid å behandle.

Vanskeleg å fortelje

For dei som har traume, kan det vere skummelt å snakke om det dei har opplevd. Dei vil ikkje gjere det med kven som helst, ifølgje Opaas.

– Det må vere nokon med tid og forståing. Om dei skulle til dømes fortelje om tortur og så få ein ufølsam kommentar tilbake eller ikkje bli trudd, så er det veldig krenkande og øydeleggjande for dei.

– Sjeldan at dei utagerar

– Når det er diskusjonar i lokalmiljø om oppretting av nye mottak, så kjem det ofte fram at folk er redde for korleis dei med traume vil oppføre seg. Er det ei legitim bekymring?

– Eg vil seie at det er veldig sjeldan at desse flyktingane utagerar. Vi har hatt veldig få, valdelege episodar her i Noreg. Det er heller meir typisk at dei isolerer seg. Men ein må høyre på folk i nærmiljøa og ta dei på alvor, meiner Opaas.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter