Klima

Vernar livsviktige kyrkjeskogar i klimaherja land

35.000 kyrkjeskogar blir viktige når Etiopia skal løfte millionar ut av djup fattigdom. Den ortodokse kyrkja er ein pådrivar for å stoppe avskoging.

Bilde 1 av 4

– Hjå oss går teologi og biologi hand i hand. Me har vakta skogen i nær 2.000 år, sidan kristendommen slo rot i landet vårt, og kyrkja blei til, fortel Abune Aregawi.

Han forklarar at treet har ein sentral plass i den ortodokse teologien. Han samanfattar det heile i ei setning:

– Ei kyrkje utan tre er som ein kropp utan klede.

Som biskop er Aregawi er ein prominent leiar i Etiopias ortodokse kyrkje, ei av verdas eldste. Porteføljen rommar vervet som ansvarleg for utanrikssaker. No er han i Norge for å fortelje kva vinstar ein får om den ortodokse kyrkja evnar å utvide skogane dei rår over.

– Me har kring 35.000, smiler Abune Aregawi. Og klemmer hardt om korset han alltid ber med seg.

– Dei er frå eit halvt hektar til 2.000 hektar.

Eit hektar er 10.000 kvadratmeter.

LES MEIR: Etiopiske jøder ventet i ti år på å komme hjem

Massiv avskoging

Etiopia er enormt. Både målt i land og folk. Verdas mest folkerike innlandsstat - altså stat utan hav. Afrikas nest folkerikaste nasjon. Med 100 millionar borgarar berre passert av Nigeria.

Men fordi heile 80 prosent bur på landsbygda, og lever av det jorda gjev, forsvinn den livsviktige skogen i rekordfart. For skog er ved til varme og matlaging. For skog er materiale til husbygging.

Konsekvensen av hogsten er godt synleg. For 50-60 år sidan var 35-40 prosent av landet dekt av skog. I dag er talet hogd ned til berre 3-4 prosent.

Når det så er tørke samstundes som skogane blir hogde ned, klarar ikkje jorda å halde på grunnvatnet.

Vyer for landet

Etiopia, som aldri blei kolonisert, har store vyer for åra som kjem. Som det første store landet i Afrika lanserte Etiopia ein ambisiøs og grøn utviklingsplan. Sterk vekst i økonomien skal løfte millionar av fattige opp av fattigdom, Etiopia skal bli eit mellominntektsland innan 2025.

Målet skal nås gjennom investeringar i jordbruk, skogbruk, energi og industri – og utan å auke dei nasjonale klimautsleppa. Då blir landets hardt prøva skog umåteleg viktig.

Etiopia har savanneskog i låglandet og naturskog i høglandet. Skogane er naturlege vasstårn og våtmarker og elvesystem som forsyner byar og bygder med straum, drikkevatn og kunstig vatning.

Avskoginga endrar alt dette.

Mottrekket er å plante ny skog og verne gammal skog. Her kjem Norge inn. Solberg-regjeringa har lova Etiopia 600 millionar kroner til skogprosjekt fram til 2020.

Allierte

For drygt to år sidan allierte Kirkens Nødhjelp (KN) seg med Etiopias ortodokse kyrkje. Med støttekroner frå den norske skogsatsinga i Etiopia har KN etablert eit skogprosjekt. Med den ortodokse kyrkja som partnar spreiar dei evangeliet om skogvern - og skogplanting.

Ein av to etiopiarar tilhøyrer den ortodokse kyrkja, så kyrkjeleiarane, prestane og munkane når langt ut når dei forkynner bodskapen; som kristen har du eit ansvar for å verne skogen.

– Bodskapen om å ta vare på skogen blir fletta inn i sundagspreikene i kyrkjene, forklarar KNs skogprosjektleiar, Yename Salih, som også gjestar Norge denne veka.

Tradisjonen med å reise ein skog rundt ei kyrkje, rundt eit kloster er eldgammal i Etiopia. Dei eldste kyrkjeskogane er drygt 1.500 år gamle - og er i dag for grøne oasar å rekne i karrige, trelause etiopiske landskap.

LES MEIR: Færre etiopiere skal få asyl i Norge

Støre skogar

– Kyrkjeskogane er eit skattkammer med tanke på skogplanting, forklarar biskop Aregawi. Han snakkar om frø; etiopiske frø, som gjev solide tre, som igjen gjev solide skogar.

Når Etiopias skogar skal opp i volum, tilbake til gammal storleik, nyttar det ikkje med importerte treslag.

– Kva er målet for den nasjonale skogplantinga, Salih?

– Styresmaktene snakkar om at me skal opp på 15 prosent; altså 15 prosent av landet dekt med skog.

Førre veke planta Etiopia, med statsministeren i front, 350 millionar tre på éin dag. Målet er fire milliardar tre innan året er omme.

Alternativ til tre

KNs skogprosjekt i Etiopia har to viktige komponentar til - utover vern av skog og planting av skog.

– Me prøver ut nye energikjelder og nye måtar å byggje hus på, fortel KNs landsjef, Eivind Aalborg:

– For når me ber folk om ikkje å hogge skog til fyring eller husbygging, må dei tilbys alternativ.

– Difor prøver me ut solcellepanel som gjev straum til varme og koking, og hus bygd av jordblokker.

---

Etiopia

  • 100 millionar borgarar, rundt 80 prosent bur på landsbygda.
  • Nesten like stort som Frankrike og Spania til saman.
  • Ofte heimsøkt av tørke, og med det svolt.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Klima