Nyheter

«Verda ramla saman»

Foreningen for hjertesyke barn etterlyser ein nasjonal etikkvegleiar for helsepersonell.

18 veker ut i svangerskapet kom beskjeden: Fosteret har ein hjartefeil.

– Verda ramla saman for oss som for alle foreldre som opplever å få denne meldinga. Det betyr ingenting om det er snakk om ein alvorleg eller ein mindre alvorleg hjartefeil, seier Erik Skarrud. Han er far til eit hjartebarn og leiar i landsstyret til Foreningen for hjertesyke barn (FFHB).

LES OGSÅ: Aborterer fleire foster med hjartefeil

– Det avgjerande blir kvaliteten på helsepersonellet som står rundt foreldre som får vite at fosteret ikkje har eit friskt hjarte. I dag ser vi at det er skilnadar sjukehus mellom - noko det ikkje bør vere, meiner Skarrud.

Avgjera

Som interesseforeining for foreldre som har eller har hatt hjartesjuke barn, har ikkje landsstyreleiar Skarrud eit politisk syn på funna i studien: Fleire kvinner fjernar foster med alvorlege hjartefeil.

– Det som er viktig for oss er at helsepersonellet gjev god fagleg informasjon om hjartefeilen som er avdekka, for foreldre vil vite alt. Dei kan peike på at abort kan vere eit val, men dei må aldri ta avgjerda for foreldre.

Svar

Erik Skarrud fortel at foreldre som får vite at fosteret er hjartesjukt, ofte må ta stilling til mange spørsmål:

– Har det tilleggsdiagnosar? Er det snakk om kromosomavvik? Må vi då ta fostervassdiagnostikk? Vil barnet leve opp, vil det få eit godt liv?

Følg Vårt Land på Facebook og Twitter!

– Når desse spørsmål skal få svar, kan spørsmålet om abort dukke opp, seier Skarrud og fortel at dei også var innom problemstillinga, men brukte kort tid på avgjera.

Gråtonar

For å sikre lik kvalitet på den helsefaglege behandlinga foreldre med eit hjartesjukt foster får, ønskjer Foreningen for hjertesyke barn at helsevesenet får ein nasjonal etikkvegleiar.

– I denne saka er det mange gråtonar. Difor bør det arrangerast ein nasjonal konferanse om teamet, så utarbeidast ein nasjonal etikkvegleiar. Slik kan ein sjukehuslege, ei jordmor, ein fastlege eller ein psykolog yte den same gode faglege til alle som får meldinga, «fosteret har ein hjartefeil».

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter