Nyheter

Venstre: Kva var det vi sa

Dommarar må ha eit skjønnsrom for unngå urimelege utslag, meiner Venstre.

Venstre åtvara mot innstramminga – og mot at Stortinget skulle instruere domstolane:

– Dommen i lagmannsretten stadfestar det vi åtvara om. Domstolane bør ha eit skjønnsrom for å unngå urimelege utslag. I desse sakene blir ikkje berre den utviste råka, men også eventuelle barn, seier stortingsrepresentant André N. Skjelstad (V), som sit i Stortingets kommunalkomité.

LES MEIR Offer for blodhemn søkjer asyl i Norge

Prinsipp

– Straffenivået er for høgt for dei som bryt innreiseforbodet første gong. Praksisen strir mot prinsippet om at dommarar skal bruke skjønn ved utmålinga av straff, seier Tonje Lilaas Larsen, dagleg leiar i rettshjelpsorganisasjonen Juss-Buss.

LES OGSÅ: Svipptur til Sverige – får eitt år i fengsel

Respekt

I 2013 forsvarte dåverande justisminister Grete Faremo (Ap) lovinnstramminga med vekst i lovbrot:

– Det er ein monaleg auke i talet på politimeldingar og straffereaksjonar for brot på innreiseforbodet.

Saman med Riksadvokaten og Politidirektoratet meinte Faremo at strengare straffer vil føre til at utvisingsvedtaka i større grad blir respekterte, og at færre returnerer ulovleg til Norge.

Analfabet

– Problemet er, seier advokat Hans Christian Nygaard Wang, at mange avviste asylsøkjarar forstår rett og slett ikkje vedtaket dei får frå utlendingsforvaltninga.

– Nokre er analfabetar, og mange forstår ikkje norsk, språket som blir brukt i vedtaka.

Uheldig

I høyringsrunden før Stoltenberg-regjeringa fremma lovendringa for Stortinget, åtvare Juss-Buss mot hevinga av strafferamma:

«Vi mener det er uheldig at departementet ønsker å heve strafferammen», skreiv rettshjelpsorganisasjonen som yter gratis juridisk hjelp til mellom anna asylsøkjarar.

Misforstår

Akkurat som advokat Wang peika Juss-Buss på at mange misforstår vedtak:

«I et utvisningsvedtak informeres utlendingen om at han eller hun ikke kan reise tilbake så lenge innreiseforbudet består. Vi har snakket med flere klienter som misforstår dette og tror at det innebærer at de ikke kan komme tilbake og bosette seg her, men at det er helt greit å komme hit på ferie og kortere besøk.»

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter