Nyheter

Vekst i båttrafikken med flyktningar til Hellas

Båtlast på båtlast vassar i land på fem greske øyar. Flyktningmottaka er overfylte, levekåra er elendige. – Hent folk til Norge, oppmodar Flyktninghjelpen.

– Våre ekspertar samanliknar dagens situasjon med tilhøva ­under starten av krisa i 2015, seier Benedicte Giæver, direktør i Norcap, som er Flyktninghjelpens beredskapsstyrke.

Ho fortel at no kjem det opptil åtte båtar kvar dag til øya Lesvos, og at mottaket som møter dei båtfarande er dårleg:

– Folk søv oppå kvarandre i tynne telt, utan å vete kven dei søv ved sidan av. De er uroa for eigen tryggleik og frustrasjonen aukar.

LES MEIR: Ein gresk tragedie - Vårt Land vitja Moria-leiren på Lesvos

Er i Hellas

Norcap har vore ­involvert i arbeidet på dei greske øyane sidan kriseåret 2015. Då tok over ein million immigrantar og flyktningar seg inn i Europa og søkte vern. Drygt halvparten kom via dei greske øyane heilt aust i Middelhavet, Lesvos, Chios, Samos, Kos og Leros.

I dag har Norcap 15 ekspertar i Hellas som støttar greske styres­makter med drift av leire, logistikk og vern. Direktør Giæver fortel at dei som kjem i land etter båtturen frå Tyrkia manglar soveplassar, husly, helsetilbod og skikkeleg mat.

Open rute

Eigentleg skal båtruta vere stengt. For i mars 2016 blei EU og Tyrkia samde om at ­Tyrkia skal stoppe alle som prøver å ta seg ut frå den tyrkiske kysten i båt for å nå over til Hellas. EU betalar Tyrkia raust for å gjere jobben.

Men ruta er slett ikkje stengt.

Tusenvis kjem

No er trafikken med lette båtar større enn nokosinne. Ombord i båtane sit flyktningar og migrantar som betalar ­menneskesmuglarar store ­summar for å kome seg til ­Europa.

Aegan Boat Report (ABR) melder om tydeleg vekst i talet på menneske som når fram til dei fem greske øyane. Per juni hadde det kome 12.923 flyktningar og migrantar til øyane, ved utgangen av juli kom talet opp i 18.022. ABR er ein friviljug organisasjon med base i Norge som overvakar trafikken mellom Tyrkia og Hellas.

Overfylte leirar

Vårt Land vitja den største øya, Lesvos, i januar, og viste fram svært dårlege levekår i det statlege mottaket ved byen Moria. Eit gamalt fengsel er gjort om til mottakssenter, men fordi det er sprengt, må folk bu i provisoriske, sjølvbygde plasttelt utanfor senteret. Då Vårt Land vitja Moria budde det kring 7.500 flyktningar og migrantar i leiren.

ABR melder at totalt husar dei fem øyane vel 21.000 flyktningar og migrantar, og at 45 prosent av desse er stua inn på mottak på Lesvos.

– 10.000 asylsøkjarar bur i leirar som var tiltenkt rundt 3.500 menneske, fortel Giæver i Norcap.

Hjelpeorganisasjonen Dråpen i havet ser det same: «Per i dag bor det omtrent nøyaktig 10.000 mennesker innenfor pigg­trådene til Moria. Kapasiteten er på 2.500», skriv dei på heimesida.

LES MEIR: Regjeringa vil berre hjelpe med pengar

Til Norge

Flyktninghjelpens beredskapsstyrke avdekkjer at mellom dei som kjem til dei greske­ øyane, er det mange mindreårige. Giæver opplyser at dei per no har funne rundt 600 barn som reiser utan omsorgspersonar, og at nokre er så unge som ti år. Norcap peikar på at desse er lette bytte for kriminelle, og at dei kan bli offer for overgrep.

Fordi Hellas ikkje evnar å handtere tilstrøyminga ser ­Giæver og Norcap mot Norge og Solberg-regjeringa:

– For to år sidan tok Norge imot asylsøkjarar frå Hellas, no er det på tide med ein ny innsats, seier ho og minner om at Norge sa ja til å ta imot såkalla relokaliserte asylsøkjarar frå Hellas og Italia.

Då same forslag blei lagt fram i januar, sa Solberg-regjeringa nei.

Stoppa i Tyrkia

Langt frå alle som prøver å ta seg sjøvegen frå Tyrkia til Hellas lukkast. Aegan Boat Report opplyser at fram til utgangen av juli hadde 577 båtar nådd Hellas - medan heile 1.026 båtar hadde blitt stoppa av tyrkisk politi og kystvakt.

Totalt prøvde vel 15.000 menneske å ta båtturen i juli. Nesten 5.100 steig i land i Hellas, opplyser ABR.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter