Nyheter

Vårt Lands fotojournalistikk: Rykte ut med kjemikoffert

Fotojournalistikken er viktig i Vårt Land. Men avisa har sjeldan vore først på åstaden når alvorlege hendingar ristar verda.

Alarmen gjekk i Vårt Land-redaksjonen tidleg morgon:

«Fergen 'Estonia' antas å ha sunket sør for finske Utø. Ifølge redningstjenesten i Åbo, som mottok nødsignaler klokken 0.30 natt til onsdag, har fergen trolig kantret i det tøffe været», melde NTB. Raskt blei det klart at passasjerferga hadde nær 1.000 passasjerar ombord, mellom dei fleire nordmenn.

Katastrofen var eit faktum. 852 menneske mista livet då Estonia sokk i Austersjøen 28. september 1994. Samstundes blei Norge rama av SAS-streik, så bil til Stockholm blei Vårt Lands val. Større redaksjonar chartra privatfly.

Fotograf Håvard Sæbø og eg suste til Sveriges hovudstad på åtte timar. På kaien møtte me ein prest som kom frå sørgesamtalar med pårørande; ei naturleg kjelde for Vårt Land. Men då siste sitat var notert og siste foto var festa på filmrullen, venta det spanande arbeidet:

Ville me klare å få levert tekst og foto i tide til andre utgåva?

Føna filmen tørr

På hotellrommet greip fotograf Sæbø teiprullen, gjekk inn på badet og forsegla rommet slik at ljos ikkje seiv inn. Brått var badet blitt mørkerom. Opp frå fotokofferten kom alt som skulle til for å framkalle svart-kvitt filmen. Snart lukta det sterkt kjemi frå badet.

Medan Sæbø lokka fram høvelege foto i mørkret, og føna filmen tørr med hotellromfønaren, skreiv eg ut artikkelen frå første møte med Estonia-katastrofen.

– No må de levere, kommanderte vaktsjefen via hotelltelefonen på rommet.

Papiret rauk på trykkeriet

Med berre ei analog telefonline ut, måtte me velje; foto eller tekst over til Oslo først?

Sjølvsagt kom foto først, for prosessen kunne lett stoppe opp. Sæbø rigga opp telefotosendaren, mata han med ein svart-kvitt-kopi av presten me hadde intervjua – og trykte på «send». Fotoet kverna sakte gjennom og ble til telesignal som suste over til skrivaren i Oslo.

Men tida gjekk, så då eg var klar til å sende teksten, var det på hengande håret at me ikkje nådde fristen. Godt nøgde med eigen innsats pusta me ut, berre for å få vaktsjefens nedslåande melding:

– Saka dykkar kom ikkje med i avisa, papiret rauk i pressa, dessverre. Så det blei ikkje tid til å lage andreutgåva.

Saka kom på trykk to dagar seinare.

Sende på fortauet

I 1997 var kjemikofferten stua vekk.

Vårt Land sendte fotograf Lars O. Flydal og journalist Jan Eikeland til Hong Kong for å dekkje det faktum at det britiske imperiet skrumpa. 1. juli 1997 skifta byen status frå britisk koloni til kinesisk territorium. Vårt Land intervjua ein far med ein son skulle vekse opp under andre politiske vilkår enn han sjølv hadde gjort.

Fotograf Flydal hadde fått med eit digitalt beist av eit kamera til Austen, det trong nesten eigen trillebag, så tungt var det. Der han før måtte finne eit hotellbad for å få fram foto, kunne Flydal no berre kople kamera til datamaskina, og datamaskina til mobiletelefonen – som var på veg inn i folks lommer – så blei han klar til å sende.

Frå eit fortau i Hong Kong.

Difor samla Vårt Lands fotograf eit hoff av nyfikne hongkongbuarar som lurte på kva europearen dreiv med, der midt i asfaltjungelen.

Frå kaien i Catania

Våren 2015 var signala tydelege: særs mange ville til Europa. Det året kom det rekordmange; vel ein million flyktningar og migrantar.

I april stod fotograf Erlend Berge og eg på hamna i Catania, ein hamneby på sørspissen av Sicilia. Me tok i mot ein italiensk patruljebåt med 220 menn og kvinner ombord, alle plukka opp frå sjøen nord for Libya.

Berges foto av berreføtte vest-afrikanarar som tassa spente i land på europeisk jord, av kvinner som hadde ein ekstra passasjer i magen, blei nesten sendt frå kaikanten.

Alt i lomma. I dag handlar alt om mobildekninga. Der lommetelefonen fungerer, frå der kan ein få sendt foto heim til redaksjonen. Kvar kofferten med kjemi tok vegen, ja, det veit ingen.

LES MEIR:

Sjefredaktør Bjørn K. Bore: Vårt Land fyller i disse dager 75 år. Men hvorfor gir vi den ut?

«Avisen som var for atombomben og mot kvinnelige prester»

Berit Aalborg: «Ambisjonen har alltid vært en avis der ulike syn møtes og slipes»

Kampen for eit kristeleg dagblad

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter