Nyheter

Valgerd opprørt over angrep på Hareide

Valgerd Svarstad Haugland er opprørt over korleis partifolk behandla partileiar Knut Arild Hareide då Pride-striden raste i KrF.

I siste nummeret av magasinet Idé, som går ut til medlemmer i KrF, ristar tidlegare KrF-leiaren i både tillitsvalde og partimedlemmer.

Når Idé spør Valgerd Svarstad Haugland om «Kva opprører deg i dag», svarar ho følgjande:

«I sommar har det vore alle angrepa frå våre eigne mot Knut Arild. Eg kjenner meg igjen frå mine eigne tunge tider som politikar og unner ingen å oppleva det same.»

LES MEIR Melder seg ut av KrF etter Hareides Pride-deltaking

Støttespelar

Valgerd Svarstad Haugland har vore ein av KrFs mest framskotne politikarar. Kvinneleiar, stortingsrepresentant, nestleiar, partileiar og statsråd i to KrF-leia regjeringar står det på hennar CV. Innad i KrF er eks-leiaren kjent som Hareides nære politiske støttespelar.

Etter at ho blei utnemnd til fylkesmann i Oslo og Akershus i 2011, har den tidlegare KrF-toppen vore forsiktig med å kommentere KrFs ve og vel.

Vårt Land har spurt Svarstad Haugland om ho vil utdjupe kritikken som blir fremma i Idé, men har ikkje fått svar.

Eg blei oppgjeven – og skuffa. Hareide forklarte at hans deltaking i Pride-marsjen var ei solidaritetshandling.

Einar Steensnæs, eks-nestleiar i KrF

Skuffa

Einar Steensnæs stod i intern strid saman med Svarstad Haugland fram til begge trekte seg i 2003, ho frå leiarvervet, han frå nestleiarvervet.

13 år seinare seier Steensnæs til Vårt Land at han forstår Svarstad Haugland når ho no seier at ho er opprørt over «alle angrepa frå våre eigne mot Knut Arild».

– Eg blei oppgjeven – og skuffa. Hareide forklarte at hans deltaking i Pride-marsjen var ei solidaritetshandling. Han hadde nyleg vore i Orlando og ville vise sin sympati med dei mange som blei drepne.

Steensnæs seier han hadde forventa at tillitsvalde og partimedlemmer hadde forstått dette.

– For kva er det som står i programmet, jo, vi seier noko viktig om menneskeverd, fortel han og siterer frå partiprogrammet: «Alle menneske er likeverdige uavhengig av alder, prestasjonar, kjønn, seksuell legning, hudfarge, tru eller andre skilnader mellom menneske.»

LES MEIR Kommentar: Skjebnetid for KrF

Støtte

Fram til i sommar hadde ingen KrF-leiar nokosinne gått i Pride-marsjen i Oslo, ein marsj som samlar LHBTIQ-personar, lesbiske, homofile, bifile, trans-, intersex- og queerpersoner – og ei lang rekkje politikarar.

Så, i juni, blei 49 menneske slakta ned på ein homseklubb i Orlando i USA – og Hareide tok ei avgjerd:

– Hendinga i Orlando rysta oss alle. Med å delta i Oslo Prides parade førstkommande laurdag vil eg vise mi støtte, sa Hareide til Vårt Land.

Skulerett

Avgjerda gledde fleire i KrF. Og skapte vreide hjå andre. Partikontoret melde om protestutmeldingar, og tillitsvalde og partimedlemmer tok sterk avstand frå Pride-deltakinga.

«Et selvmål for partiet», sa ein fylkesleiar, medan ein tidlegare byråd ba fylkespartiet om å vurdere å vrake Hareide frå stortingslista.

Ringjerundar viste at mange fylkesleiarar ikkje ville gått i ein Pride-marsj sjølve, og fire meinte at heller ikkje Hareide burde gjort det.

Til sist valde KrF-leiaren å stille opp på storstemnet i Sarons Dal i Kvinesdal for å fortelje kristenfolk kvifor han gjekk i marsjen – eller stå «skulerett», som mange medier sa og skreiv.

I front

– I eit parti er det viktig på stå saman, seier Steensnæs.

– Sjølvsagt skal det vere diskusjon om politikk, men når generalen ser at det skortar på støtte frå sersjantane og soldatane, blir det vanskeleg å stå i front, meiner han som har vore både stortingsrepresentant, nestleiar og statsråd.

I 2003, etter eit elendig kommuneval, valde Svarstad Haugland å gå av etter å ha fått kraftig, intern kritikk frå eit partiutval. Då partileiaren trekte seg, valde nestleiar Steensnæs å gjere det same. Svarstad Haugland gav utrykk for at ho var skuffa over manglande støtte frå sentrale partifolk.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter