Nyheter

Vågar ikkje sende inn politiet

Justisdepartementet kan avlyse kyrkjeasyl med eit ­pennestrøk, men fryktar for omdømmet. No vonar regjeringa at ­
eit informasjonsbrev til kyrkja skal gjere jobben.

– Brevet gjer greie for den gode og verdige asylprosessen frå ­registrering til endeleg vedtak og er sendt til Den norske kyrkja, som så skal distribuere det ut til kyrkjelydane. Slik skal alle kyrkjelydar bli godt opplyste, fortel statssekretær Vidar Brein-Karlsen (Frp) i Justisdepartementet til Vårt Land.

Ordet kyrkjeasyl er ikkje nemnt ein gong i brevet, men Brein-Karlsen er klar på at ­departementet vonar at brevet skal ha ein bestemt effekt: Ingen fleire i kyrkjeasyl i lokalkyrkjer i Den norske kyrkja.

Søkte vern

Før brevet – som har overskrifta «Informasjon til Den norske kirke om asylsprosessen i Norge» – hadde Solberg-regjeringa to møter med kyrkjeleiinga. På det første i februar stilte dei blåblå med justisministeren, innvandringsministeren og kulturministeren.

Møtet fann stad få veker etter at asylsøkjarar, som kom frå Russland til Norge over Storskog i fjor haust, gjekk i kyrkjeasyl i Finnmark for å hindre å bli ­deporterte til Russland.

1. desember i fjor meldte avisa Dagen at for første gang på 22 år sat det ikkje ein einaste ­kyrkjeasylant i Den norske kyrkja. I løpet av nokre hektiske veker i desember og januar søkte mange asylsøkjarar til kyrkja for å få vern mot utkasting.

LES MEIR Kyrkja vil ikkje lage retningsliner for kyrkjeasyl

Oppheve forbod

Frp-styrte Justisdepartementet (JD) vil gjerne setje ein stoppar for at asylsøkjarar med endeleg avslag prøver å overprøve utlendingsforvaltninga. Framstegspartiet vil saman med regjeringskollega Høgre ha slutt på ordninga med kyrkjeasyl. «Det vil være regjeringens syn at kirkerommet ikke skal brukes til kirkeasyl», slår dei blåblå fast i regjeringserklæringa.

Men sidan 1993 har politiet hatt forbod mot å gå inn i kyrkjer for å hente ut asylantar med endeleg avslag, som ikkje vil reise ut av Norge. I 1993 sende justisminister Grete Faremo (Ap) ut eit rundskriv til landets politisjefar som sa at politiet skal stoppe på kyrkjetrappa. I 23 år har inga regjering freista å oppheve påbodet.

Ikkje fleirtal

Statssekretær Vidar Brein-Karlsen (Frp) i JD fortel til Vårt Land at politisk leiing i departementet ikkje er budd på å sende ut eit nytt rundskriv som opphevar påbodet. JD har to Frp-statsrådar. Sylvi Listhaug har ansvaret for innvandringspolitikken medan Anders Anundsen styrer politiet.

– Vårt inntrykk er at det ikkje er politisk fleirtal for å oppheve rundskrivet frå '93, seier Brein-Karlsen.

I Danmark gjorde justisministeren i den konservative regjeringa til Lars Løkke Rasmussen, som kom tilbake som statsminister i fjor, kort prosess med kyrkjeasylet i 2009. Då blei politiet sendt inn i Brorsons kyrkje i København for å hente ut 17 irakarar. Mennene vona på vern mot utsending.

Ein liknande aksjon er ikkje Justisdepartementet og regjeringa budd på. Statssekretær Brein-Karlsen stadfestar at det er av omdømmeomsyn.

LES MEIR Kyrkjeasyl splittar befolkninga

Smuldra opp

Justisminister Anundsen har prøvd seg med brev tidlegare. I 2013 instruerte han politidirektør Odd Reidar Humlegård, i brevs form: Ordninga med kyrkjeasyl skal vere avslutta innan utgongen av 2014 - i samarbeid med «Kirken».

Møter mellom Politidirektotatet og Mellomkyrkjeleg i råd i 2014 munna ut i ingenting.

– Vi har hatt fleire møter med statsrådar, og forstår at det er viktig for regjeringa å få fortalt alle som søkjer asyl om sjølve prosessen, så vi skal gjere ­informasjonsskrivet kjent. Når det kjem til kyrkjeasyl, kan ikkje kyrkja avslutte noko som kyrkja ikkje har etablert. Samstundes stengjer ikkje kyrkja dørene for nokon, seier direktør Jens-Petter Johnsen i Kyrkjerådet.

På heimesida skriv Den norske kyrkja at «Hvis et kirkeasyl oppstår, må den enkelte menighet selv vurdere hvordan den best skal handle og forholde seg til situasjonen».

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter