Nyheter

Vågar ikkje bli au pair

Britiske husstandar ropar etter au pairar, men Brexit og terrorfrykt skremmer unge frå å søkje seg til Storbritannia.

– For tida har eg 78 familiar som leitar etter ein au pair, men eg trur berre halvparten vil klare å finne nokon dei kan intervjue, for eg har ikkje nok søkjarar, fortel Rebecca Haworth-Wood til The Guardian.

Ho leiar selskapet A2Z Au Pairs og er styreleiar i British Au Pair Agencies Association (BAPAA). Organisasjonen melder at sidan 2016, altså sidan Brexit, har f­allet i søknader frå europeiske unge som vil vere au pairar i Stor­britannia falle med 75 prosent.

BAPAA melder at i kjølvatnet av Brexit rår dei ei anti-utlending-stemning i landet.

Ei anna forklaring på svikten i au pair-søkinga til Stor­britannia, er frykta for terror, melder The Guardian. Terroraksjonane i Manchester og London.

I Storbritannia er det tradisjon for at unge, særleg kvinner, frå Tyskland, Frankrike og Polen vil vere au pair i ein britiske familie. Vårt Land

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Mer fra: Nyheter