Nyheter

Utset forbod mot søskenbarnekteskap

Solberg-regjeringa lova å vurdere forbod mot ekteskap mellom søskenbarn. No blir avgjerda skote ut i tid. Innfør forbod, seier barnelege, som møter sjuke barn av søskenbarn­foreldre.

– Dette punktet i regjeringsplattforma er vi ikkje helt i mål med ennå, seier statssekretær Kai-Morten Terning (Frp) i Barne- og likestillingsdepartementet (BLD).

Departementet vil vente på nytt forskingsprosjekt frå Folkehelseinstituttet (FHI).

– Innfør forbod mot søskenbarnekteskap. Berre slik kan vi få slutt på ei ordning som ikkje høyrer heime i 2017. Hugs, lenge var slike ekteskap forbode i Norge, og det var det gode grunnar til, seier barnelege Ingvild Heier ved Oslo universitetssjukehus.

Forbodet blei innført med Christian den femtes Norske Lov frå 1687, og varte fram til det blei oppheva i 1800.

LES MEIR: Regjeringa med tydelege åtvaringar mot søskenbarnekteskap

Sjuke barn

I dag blir uhyre få etniske nordmenn som er søskenbarn mann og kone. Men i minoritetsbefolkninga er det vanlegare, og det er utbreidd blant dei som har opphav i særleg Pakistan, Tyrkia og Marokko.

FHI-tal frå 2014 viser at blant barn som er i fødde i Norge i perioden 1967–2010, og som har foreldre frå Pakistan, har så mange som 41 prosent søskebarnforeldre – eller 7.357 barn. Tilsvarande tal for barn med høvesvis tyrkiske og marokkanske søskenbarnforeldre, er 15,8 og 15 prosent.

Søskenbarnekteskap skaper fleire utfordringar:

Medisinske: Konsekvensar av inngifte kan vere «økt risiko for spedbarnsdød, dødfødsler, alvorlige medfødte misdannelser, og (...) økt total dødelighet senere i livet», seier Folkehelseinstituttet. Med inngifte meiner ein «ekteskap mellom individer som er tremenninger eller nærmere beslektet».

Tvangsekteskap: Storfamilien avgjer kven som skal gifte seg med kven.

Ap for

Søskenbarnekteskap er utgreidd grundig dei siste 20 åra. Først i doktorgradsarbeidet til dagens direktør i Folkehelseinstituttet, Camilla Stoltenberg, så ein rapport om omfang og konsekvensar i 2007 frå FHI, forfatta av Stoltenberg og to forskarkollegaer, og til sist ein oppfølgingsrapport frå dei same tre FHI-forskarane i 2014.

I 2011 leverte Jonas Gahr
 Støre, som leiar i Arbeidarpartiets integreringsutval, eit innstrammingsforslag.

Støre ville at ekteskap mellom søskenbarn skulle bli forbode 
– av omsyn til dei ufødde barna.

Men den raudgrøne Stoltenberg-regjeringa omsette ikkje forslaget i praktisk politikk.

To år seinare overtok Høgre og Framstegspartiet regjeringsmakta, og i den politiske plattforma lova dei blåblå å «Vurdere forbud mot ekteskap mellom
fettere og kusiner basert på helse­faglige vurderinger.»

Blir utsett

BLD venta til 2017 før dei byrja å sjå på saka. «Jeg ønsker å be om Helse- og omsorgsdepartementets råd om hvilke helsefaglige vurderinger som bør legges til grunn for vurderingen av et eventuelt forbud», skriv statssekretær Terning i BLD i eit brev til statssekretær Frode G. Hestnes (Frp) i Helsedepartementet.

I svarbrevet melder Hestnes at «Det er ikke gjort studier som kartlegger det fulle omfanget av sykelighet forbundet med inngifte. Vi har nå nasjonale registerdata som gjør oss i stand til å kartlegge det, og FHI planlegger å sende en søknad om forskningsmidler med dette formålet i løpet av 2017. Det vil imidlertid ta noen år før resultater av et slikt forskningsprosjekt foreligger, så de vil ikke kunne opplyse saken ytterligere i denne omgang.»

– Regjeringa vil konkludere etter at kartlegginga til Folkehelseinstituttet er gjort, fortel statssekretær Terning til Vårt Land.

Manglar kunnskap

Barnelege Ingvild Heier etterspør eit forbod no. Ho ser konsekvensane av at søskenbarn giftar seg med søskenbarn.

– På morgonmøta sit vi ofte og snakkar om sjukdommane barna blir påført, alt frå kjende lidingar til meir diffuse sjukdommar, der det gjerne kan ta lang tid for å få ein sikker diagnose.

Nokre gonger møter ho familiar som gjer henne både sorgtung og opprørt:

– Dei har både to, tre og fire barn som har sjukdommar som følgje av at foreldra er søskenbarn. Og dei fortel at dei visste ikkje kor utsette dei var for å få sjuke barn.

Difor har barnelegen ved Oslo universitetssjukehus eitt råd til familieminister Solveig Horne (Frp):

– Innfør forbod mot søskenbarnekteskap.

Tvangsekteskap

Ingvild Heier meiner eit forbod også vil løyse ei uverdig side av ordninga med søskenbarnekteskap; tvangsekteskapa. Ho fortel at i visse kulturar sit familieoverhovudet i heimlandet til storfamilien og avgjer kven som skal gifte seg med kven – og dermed kven som skal bli den utvalde til å få flytte til Norge og stifte familie.

– Vi ser at søskenbarnekteskap er ein måte å styrkje storfamilien på, men presset mot ungdommen, både jenter og gutar, for å inngå slike ekteskap, er sterkt.

– Eg meiner det er urettvist å dytte unge, opplyste menneske som er oppvaksne i Norge inn i slike samliv. Så får vi eit forbod, vil det også påverke ordninga med tvangsekteskap. Vi vil få færre.

Kartlegging

Statssekretær Kai-Morten Terning i BLD opplyser at Solberg-regjeringa vil vente til Folkehelseinstituttet har kartlagt samanhengen mellom inngifte og sjukdom blant barn av søskenbarn.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter