Utleigarar vil ikkje huse rom-kultur
«Orsak», sa statsminister Erna Solberg, «vi skal lære av tidlegare tiders feilsteg» – og gav den nasjonale minoriteten rom ei kollektiv oppreising. Men ingen utleigarar vil huse Romsk kultursenter.
Forteljar Charlotte Øster har samla barna på fritidsklubben på Romano kher. Dei skal øve inn ein opptreden til Romsk kulturuke i oktober.
Erlend Berge
Arbeidet med å få eit eige hus for den nasjonale minoriteten starta i fjor. Med hjelp frå eigedomsmeklarar søkte ein høveleg lokale for senteret. Om lag 30 utleigarar melde seg med tilbod etter annonsering, fortel Kai-Rune Myhrer, dagleg leiar i Romano kher:
– Men då dei høyrde kven som skulle bruke lokala, Kirkens Bymisjon saman med norske rom, trekte dei fleste seg.
Myhrer fortel at ingen sa det rett ut, «vi vil ikkje leige ut til rom», men han seier at det var den klare oppfatninga dei sat att med.
Bestill abonnement her
KJØP