Nyheter

Utdanningsdirektoratet: Nok kristne friskular

Indremisjonsforbundet får ikkje starte ny grunnskule i Sandnes. Grunn: For mange privatskular i området.

Årets friskuleavgjerd er klar:

24 søkjarar har fått nei til å starte ein ny friskule hausten 2020.

9 søkjarar har fått ja, og kan starte opp i august i år.

3 søkjarar må vente på endeleg svar.

I eitt år har Utdanningsdirektoratet (Udir) vurdert søknadane om å få starte nye grunnskular og vidaregåande skular.

Rekordmange på private grunnskular

Aldri før har så mange elevar gått på private grunnskular, eller friskular som dei har heitt sidan Stortinget vedtok den nye friskuleloven i 2015.

4,2 prosent av alle grunnskuleelevar – 27.000 – går på private skular. Det er ein auke frå 2,6 prosent i 2009, viser dei ferskaste tala frå Statistisk sentralbyrå.

Nok friskular i Sandnes kommune

Mellom dei som no får avslag, er bedehusforsamlinga Fredheim Arena i Sandnes. Ho er tilslutta Indremisjonsforbundet (ImF) og søkte - gjennom selskapet KF-skolen Sandnes - om å få starte ein grunnskule med 280 elever.

Då Sandnes kommune handsama søknaden i fjor, sa rådmannen og det politiske fleirtalet at Sandnes har nok friskular, fem i talet - der tre har ein kristen profil.

Berre fire av ti friskuleplassar i kommunen er i bruk, difor treng ikkje kommunen ein sjette privatskule, forklarar kommunen. Dei fem friskulane er godkjende for 980 elevar på barne- og ungdomsskoletrinnet. Det er heller ikkje bruk for fleire kristne skular, peikar dei på, sidan «Tryggheim Forus har et verdigrunnlag som ligger nær opp til KF-skolen sitt».

Eigd av Misjonssambandet

Dagens tre kristne friskular i Sandnes er:

Tryggheim Forus barne- og ungdomsskole, som er eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband.

Sandnes friskole, som er eigd av to pinseforsamlingar, Betel Hommersåk og Familiekirken på Ganddal.

Vatneli skole, som er eigd av Adventistkirken i Sandnes og Stavanger.

Dei to siste friskulane er Sandnes International School og Wang Ung, ein idrettsungdomsskule.

Udir følgjer kommunen

Utdanningsdirektoratet avslår Fredheim Arena/KF-skolen Sandnes med kommunens grunngjeving: Det er ledig kapasitet på dei andre friskulane. Utover dette seier Udir at søkjaren ikkje har klart å overtyde dei om at skulen verkeleg trengs.

Andreas Bjørntvedt er både pastor og dagleg leiar i Fredheim Arena, og styreleiar i KF-skolen Sandnes.

ImF-forsamlinga ankar ikkje

Fredheim Arena ankar ikkje avslaget, fortel Andreas Bjørntvedt. Han er både pastor og dagleg leiar.

– Me har forståing for argumentasjonen til både kommunen og direktoratet. Me tykkjer at argumentet om at berre 40 prosent av plassane på friskulane er brukte, er godt, seier Bjørntvedt, som også er styreleiar i KF-skolen Sandnes.

Det blir opp til årsmøtet i bedehusforsamlinga å ta den endelege avgjerda.

Flest friskular i Rogaland

Alle fylke har friskular, og oversikten frå Kristne Friskolers Forbund (KFF) blir toppa av Rogaland.

Fylket har heile 14 private grunnskular. På dei neste plassane kjem Vestland med 11 og Vestfold og Telemark med 9 private grunnskular. Færrast slike friskular har Nordland med éin. KFF-oversikten blei laga før årets godkjenningar frå Udir.

Tre andre søkjarar fekk avslag

Den ferske oversikten frå direktoratet viser at tre andre kristne friskulesøkjarar fekk avslag - i tillegg til Fredheim Arena og KF-skolen Sandnes:

* Hoppensprett Barneskole Jessheim.

* Fiksdal friskule i Romsdal.

* Måndalen friskule i Romsdal.

– Me trekte søknaden

Slik forklarar dagleg leiar i selskapet Måndalen friskule, Knut Peder Voldset, avslaget.

– Kvifor, de har jo søkt fleire gonger før?

– Me har fått signal frå direktoratet om at når kommunen no varslar ny ungdomskule i bygda, så vil ikkje Måndalen friskule få ja på skulesøknaden.

Voldset opplyser at skuleplanane ikkje er lagt vekk, berre «lagt på is», for «dei politiske vindane kan snu».

LES MEIR:

• Angriper Ap for å strupe friskoler

• 

Ap: Kommunene skal kunne takke nei til kristne skoler

---

Skulerekord

  • Norge har rekordmange privatskular, eller friskular som det har heitt sidan Stortinget vedtok friskuleloven i 2015.
  • I fjor var det 261 private grunnskular her i landet, sidan 2009 har talet auka med 62 prosent, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
  • Av alle elevar i grunnskulen i 2019 gjekk 4,2 prosent – 27.000 elevar – på private skular. Det er ein auke frå 2,6 prosent i 2009.
  • SSB-tala viser to kategoriar, friskular, som utgjer 4,0 prosent, og reine privatskular, som ikkje får støtte av det offentlege, og som utgjer 0,2 prosent.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter