Nyheter

Usynlege flyktningar

Myanmar vil tøme landet for rohingyaar. 6.000 driv rundt på båtar i Det indiske hav.

Etter tre månader på havet kom ei stor gruppe omsider i land på øya Langkawi i Malaysia. Bileta vitnar om eit trongt, skite og kummerleg liv ombord i båten som skulle ta dei frå vekk frå forfølginga i Myanmar. Mangelen på mat og vatn var prekær.

Rohingya-folket er statslause og blir av FN omtala som eit av verdas mest forfølgde folk. Dette veit menneskesmuglarar å utnytte. Akkurat som i Middelhavet blir heller skrøpelege farkostar stua fulle av flyktningar som betalar dyrt for å kome seg til eit nytt land. Dei muslimske rohingyaane vil helst til Indonesia, Malaysia og Thailand. Dei to førstnemnde lokkar fordi landa er muslimske.

Fleire flyktar

FNs reknestykke viser at 25.000 rohingyaar har flykta over havet dei tre første månadane i år, noko som er ei dobling sidan same periode i fjor. Opp mot 100.000 kan ha flykta det siste året, det høgaste talet båtflyktningar i Asia sidan Vietnam-krigen på 1970-talet, melder Burmakomiteen.

Rohingyaane rømer frå eit land som nektar dei statsborgarskap, helsetenester, utdanning og jobbar – og som let buddhistisk mobb drepe rohingyaar og jaga dei inn i flyktningleirar (sjå eiga sak neste side).

Økonomiprofessor og nobelprisvinnar Amartyan San kallar Myanmars behandling av rohingyaane for «eit stille folkemord». Han stør seg på FNs folkmordkonvensjon som seier at det er snakk om folkemord når handlingane er «gjorde med det for auget å øydeleggja heilt eller delvis ei nasjonal, etnisk, rasemessig eller religiøs gruppe».

Følg oss på Facebook og Twitter!

Telefonane blei tause

Rohingya-krisa i Myanmar har utvikla seg til å bli Asias parallell til masseflukta over Middelhavet. Medan straumen over Middelhavet har bygt seg opp i fjor og i år – og fått veksande merksemd – har båtflyktningane frå Myanmar fått lite søkelys på seg.

- Vi er vitne til ein humanitær katastrofe som dessverre er eit resultat av ein vilja politikk, seier Audun Aagre, daglig leiar i Den Norske Burmakomité.

Fordi fleire land i Søraust-Asia ikkje ønskjer å ta i mot rohingyar, blir båtar med flyktningar liggjande på havet som små øysamfunn. Sist veke nekta Malaysia å ta i mot ein båt med 600 personar ombord. Også Thailand er skeptiske til å bli mottakshamn for store grupper rohingya. Burmakomiten ber verdssamfunnet ta ansvar:

– Det å redde liv er nå første prioritet, seier Audun Aagre.

Telefonane blei tause. I dag samlast utanriksministrane i Indonesia, Malaysia og Thailand til krisemøte for å finne løysingar på båtkatastrofen som eskalerer i Bengalbukta – havområdet sør for Myanmar. Samstundes som ministrane benkar seg rundt møtebordet leitar hjelpeorganisasjonar etter ein flyktningbåt som Thailands marine tvinga ut i internasjonalt farvatn sist veke.

Ombord i båten som skal ha sett kurs for Malaysia skal det vere 300 barn, kvinner og menn frå den utstøytte Rohingya-minoriteten i Myanmar. Siste livsteikn frå båten kom laurdag kveld.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter