Nyheter

Undersøking: Mange seier ja til utvida abortgrense

Ein av fem nordmenn ønskjer å mjuke opp dagens abortlov. Dei vil utvide grensa for sjølvbestemt abort.

– Nordmenn flest har eit konservativt syn på ein del verdispørsmål, men i denne saka har eg tru på endring, seier leiar i Unge Venstre, Sondre Hansmark.

Dagens abortlov er 40 år i haust. Vedteken av Stortinget 30. mai 1978, og trødde i kraft 1. desember same år. Abort var forbode i Norge fram til 1964, og kvinner som tok abort illegalt, risikerte inntil tre år i fengsel.

Grensa for sjølvbestemt abort er under press. I dag ligg ho på 12 veker. Mellom 12. og 18. veke må alle abortar avgjerast i nemnd.

LES MEIR: – Bort med abortnemndene

Utvide

No viser Vårt Lands ferske meiningsmåling, utført av Norstat, at vel 20 prosent ønskjer å liberalisere abortlova når det gjeld grensa for sjølvbestemt abort:

11 prosent vil utvide til 16 veker.

6 prosent vil ha 18 veker.

5 prosent vil ha 24 veker.

Kringvern

– Ikkje rør abortlova, oppmoda stortingspresident Tonje Wilhelsen Trøen frå Høgre i Vårt Land i byrjinga av september.

Det er uaktuelt med endringar i abortloven, vedtok regjeringspartiet Høgre på sentralstyremøtet veka etter.

55 prosent av dei spurde i Vårt Lands måling er samde med stortingspresidenten og regjeringspartiet Høgre. Dei vil ha dagens abortlov slik han er i dag: sjølvbestemt abort fram til 12. veke.

Det gler stortingspresident Tonje Wilhelsen Trøen (H):

– Dagens abortlov treff godt - det viser denne målinga.

Trøen er oppteken av at dagens lov balanserer tre ting: Kvinnas rett til sjølvbestemt abort, fosterets rettar og korleis samfunnet vårt skal handtere retten til abort.

LES MEIR: – Ikkje rør abortloven

Liberalisering

Striden om abortgrenser starta i august. Då gjekk leiar i AUF, Mani Husseini, ut i Vårt Land og fortalde at Arbeidarpartiets ungdomsparti vil gå for liberalisering på landsmøtet i oktober. Då vil truleg AUF vedta å utvida grensa for sjølvbestemt abort frå 12 til 18 veker.

Ikkje før ordskiftet om AUF-­liberaliseringa hadde starta, ­dobla leiaren i Unge Venstre (UV): «Vi vil utvide grensen for selvbestemt abort til uke 24», sa ­Sondre Hansmark til Vårt Land. UV avgjer saka på landsmøtet i oktober.

Vedtak

Tredjemann ut var leiaren i Framstegspartiets ungdom, Bjørn-Kristian Svendsrud, som held fram ungdomspartiets vedtak frå landsmøtet i april: Abortgrense på 18 veker.

Viljen til å mjuke opp dagens abortlov er sterk i ungdomspartia, og han går på tvers av dei tradisjonelle blokkene, for Sosialistisk Ungdom går alle inn for å utvide grensa for sjølvbestemt abort til veke 18 medan Rød Ungdom går inn for veke 22. Berre KrFU og Unge Høgre vil behalde dagens grense.

Støtte

– Berre fem prosent ønskjer å utvide til 24 veker, slik du ønskjer – vonbroten over låg støtte, Hansmark?

– Eg hadde ikkje forventa sterkare støtte, for eg er klar over at synspunktet er kontroversielt. Men her er det viktig at nokre går i front. Eg har tru på at folk kjem etter, seier Unge Venstre-leiaren.

Hans forslag om abort fram til veke 24, samt eit kompromissforslag om veke 22, kjem opp på UVs landsmøte i slutten av oktober.

LES MEIR: Fri abort til uke 24

Kjønn

Vårt Lands måling viser at det er synlege skilnadar i synet på abortgrense når ein deler inn etter kjønn, alder og inntekt.

Kvinner sluttar sterkt opp om dagens grense, 63 prosent slår ring rundt 12 veker. Menn viser større vilje til å liberalisere, ein av fire menn ønskjer å mjuke opp med minst fire veker, medan 48 prosent forsvarar dagens grense.

Blant dei yngste, 18-29 år, er lysta på utvida abortgrense sterk, nesten ein av tre vil utvide med minst fire veker, medan 45 prosent seier «ikkje rør». Tilsvarande tal for 60 pluss er: 20 prosent vil ha minst 16. veke, medan heile 64 prosent seier «ikkje rør» abortlova.

Positive

Fordelt på husstandsinntekt er «ikkje rør»-gruppa størst blant dei som tener 400.000-500.000 kroner, 65 prosent. I denne gruppa seier berre 20 prosent ja til å utvide abortgrensa med minst fire veker.

Mest positive til å utvide grensa er i gruppa som har ei hustandsinntekt under 300.000 kroner, 29 prosent. Her forsvarar 47 prosent dagens grense på 12 veker.

Innstramming

Seks prosent av dei spurte ønskjer å stramme i dagens grense. Viljen til innstraming er størst blant menn, 8 prosent mot 4 prosent for kvinner.

Fleire eldre enn yngre ønskjer ei meir restriktiv abortgrense, 8 prosent i aldersgruppa 50-59 - og 6 prosent i aldersgruppene 18-29 og 30-39 år.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter