Nyheter

UD stoppar ikkje Israels-gåver

Kyrkjeleg råd ber regjeringa stoppe innsamling til ulovlege, israelske busetjingar på Vestbreidda. Umogeleg, svarar Utanriksdepartementet.

Juristane i Utanriksdepartementet har granska lovverket. Svaret er klart:

Norske Israels-vener kan halde fram med å samle inn pengar som blir gjeve til ulovlege israelske busetjingar på Vestbreidda, som Israel okkuperte for 50 år sidan denne veka.

Sidan 2010 har organisasjonen Karmel-Instituttet samla inn rundt fem millionar kroner til fleire busetjingar.

LES MEIR: Mellomkyrkjeleg Råd krev stopp i pengegåver til Vestbreidda

Kravde stopp

I gårsdagens Vårt Land gjekk Mellomkyrkjeleg råd ut og kravde at Solberg-regjeringa grip inn og stoppar pengestaumen frå Norge:

– Karmel-Instituttet støttar opp om Israels brot på folkeretten. Difor må pengegåvene bli stoppa, sa generalsekretær Berit Hagen Agøy i Mellomkyrkjeleg Råd (MKR) til Vårt Land.

Leiaren av Den norske kyrkjas «utanriksdepartement» er provosert etter at Vårt Land sist laurdag fortalde at Karmel-Instituttet samla inn éin million kroner etter at FN vedtok ein resolusjon i desember som kravde full byggjestopp på Vestbreidda.

«Vårt Land melder at Karmel­instituttet har samlet inn 1 mill. kr for å bygge hus i en israelsk bosetning. Dette er totalt uakseptabelt!

Bosetningene er ulovlige. Hva gjør norske myndigheter med at norske borgere bidrar til brudd på internasjonal rett? For en tid siden mistet man muligheten til å trekke gaver til Karmelinstituttet fra på skatten, med den begrunnelse at Karmelinstituttet bidro til bygging av ulovlige israelske bosetninger. Dersom regjeringen vil være forpliktet på internasjonal rett og moralsk ansvarlige, må de reagere nå», skriv Hagen Agøy på eiga Facebook-side.

LES MEIR Styrker bånd til Israel

Ikkje forbode

Men Utanriksdepartementet kan ikkje kome Mellomkyrkjeleg råd i møte:

– UD meiner dei israelske busetjingane på okkupert område som folkerettsstridige. Dette synet er forankra i ei rekkje resolusjonar frå FNs tryggingsråd og vurderingar frå Den internasjonale domstolen i Haag, seier kommunikasjonsrådgjevar Guri Solberg, og legg til:

– Det gjeld ikkje noko generelt forbod mot at private borgarar gjev pengegåver til organisasjonar som Karmel-Instituttet.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter