Nyheter

Trur vi kan lære av pandemien

Korleis finn vi meining midt i koronapandemien? Det vil forskarar ved MF vitenskapelig høyskole finne ut av.

– Vi har ein unik situasjon i vår samtid til å stoppe opp og reflektere. Vi erfarar at vi kan setje inn dramatiske tiltak som verkar. Det kan påverke opplevinga av vår individuelle fridom som vi har kjent den til no, korleis vi erfarar fellesskap og tilhøyrsle, og kva vi tenker om framtida.

Det seier religionspsykolog Gry Stålsett. Ho leier eit prosjekt som skal utforske eksistensielle aspekt ved koronapandemien. «Livsmening og erfaringer med koronakrisen» er ein studie som vil finne ut kva kjelder folk har til meining i krisetider. Ved hjelp av ei spørjeundersøking på nett, håper dei å nå ut til flest mogleg.

– Utfordra til å sjå nærare på kvardagen

Forskarane ynskjer å finne ut korleis personar handterer pandemikrisa, slik at vi kan lære for framtida.

– På kva måte er koronakrisa ei eksistensiell krise?

– Eg oppfattar situasjonar der ein vert konfrontert med grunnspørsmåla i livet, som ei eksistensiell krise. Kva er meininga, kvifor er eg her? Ein slik situasjon har ibuande høver til å få kontakt med kva som er viktig for ein i livet, svarar Stålsett.

– Vi vert utfordra til å sjå nærare på vår kvardag og vurdere korleis vi skal ha det no og framover.

I tillegg til norske fagmiljø, har universitet i Austerrike, Sverige, Slovenia og Danmark bidrege til studien.

Meining – og konspirasjonsteoriar

Eitt kjenneteikn ved kriser, er at dei rokkar ved grunnleggande tryggleik og vanlege oppfatningar av verda rundt. Stålsett trur mange kjenner på angst i slike tider. Ein kan rammast av tap, sjukdom og død. I tillegg kan kriser påverke økonomien og den sosiale fridomen til kvar enkelt.

Ifølgje Stålsett vil menneske prøve å søke samanheng og konstruere meining.

– Vi treng ei oppleving av samanheng, at alt heng i hop. Når det vante rokkast ved, set vi i gang prosessar med å tolke verda på ny og justerer vår sjølvforståing undervegs.

Det kan få to utfall, ifølgje professoren.

– Vi kan starte å søke kjelder til meining som «kan bere» oss no, men så kan vi også lage ulike konspirasjonsteoriar relatert til det som skjer.

Ho trur mellom anna at fleire har søkt mot naturen, samtidig som mange har delteke i spekulasjonar om politiske agendaar.

Gry Stålsett, psykolog. Om depresjon og skam
– Vi veit at kriser kan føre til personleg vekst, seier Gry Stålsett. Foto: Erlend Berge

Leitar etter svar mange stadar

Stålsett er spesielt nysgjerrig på kva kjelder til meining menneske brukar under ei krise som koronapandemien, og om mange gjer seg erfaringar som dei tek med seg vidare.

I undersøkinga ser forskarane mellom anna på «betydningen av mening, tro og livssyn som potensielle ressurser for mestring».

– Har du nokre teoriar om kva de vil finne her?

– Det er mange teoriar og internasjonal forsking på dette i religionspsykologien. Som at det er lettare å kome seg gjennom ei krise når ein har kjelder til meining, seier Stålsett.

Ho nemner fleire av dei som står bak studien – som til dømes NTNU og Universitetet i Stavanger – og seier dei er interesserte i å finne ut av mykje forskjelleg: meining, livskvalitet, oppleving av kontroll, kjensleregulering, og tillit til leiing.

Trur pandemien vil gjere oss meir bevisst

Sjølv trur Stålsett at vi kan lære noko av pandemien.

– Vi veit at kriser kan føre til personleg vekst. Eg tenker pandemien kan gi oss eit slags overlys på vår kvardag. Når vi konfronterast med ein trussel, reagerer vi også kroppsleg. Vi merkar kvar som er viktig for oss, kva som betyr noko.

Men det motsette kan også skje, seier professoren. Ein kan prøve å beskytte seg sjølv i så stor grad at ein endar opp med å bli distansert og kynisk. Uansett vil pandemien gjere oss meir bevisst på kva som skjer rundt oss, trur Stålsett.

– Kan ein unntakstilstand gi oss «tidlause» lærdommar?

– Ja, eg trur somme innsikter vil kunne vare og kan hentast fram igjen ved framtidige kriser. Men vi treng påminning. Vi kan fort hamne i hamsterhjulet igjen.

LES MEIR: 

• Professor i ny forskningsartikkel: – Religion banet vei for ydmykhet og visdom

• Kritiserer kriseordning for gravferder: – Betenkelig å stenge ute den som tror annerledes

• Heidi Terese Vangen: «Korona har vist oss at det er mulig å leve annerledes. Hva om vi gjør det?»

---

Undersøkinga

  • Initiativtakar er professor II ved MF, Tatjana Schnell. Fleire norske fagmiljø, mellom anna ved VID, NTNU og Universitetet i Stavanger, er med i studien, i tillegg til fleire europeiske universitet.
  • Spørjeundersøkinga vil foregå på nett. Den vil bli sendt til fleire forskjellege miljø.
  • Forskarane ynskjer å finne ut korleis personar handterer pandemikrisa – slik at ein på sikt kan lære å handtere kriser.
  • Kjelde: MF

---

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter