Nyheter

Trur tempel vil lokke nye tilflyttarar

Ap-politikar imponert over buddhistane.

På Bjørndal i Oslo står det eit buddhisttempel midt i eit byggefelt. Det tok 40 år med loppemarknadar, boksal og pilegrimsturar for å få det ferdig.

Leiar i bydelsutvalet i Søndre Nordstrand i Oslo, Shahbaz Tariq (Ap), har ikkje besøkt buddhisttempelet, men er imponert over jobben som er gjort.

– Eg køyrde forbi for nokre veker sidan, og det såg veldig flott ut, seier han.

LES MER: Hippiane som bygde småbruket om til tempel

Fleire religiøse bygg

– Kva er ditt inntrykk av Karma Tashi Ling, buddhistsamfunnet som held til der?

– Dei er positive, samfunnsengasjerte menneske. Eg har ikkje høyrt eit vondt ord om dei.

Det bur om lag 37.000 menneske i bydelen Søndre Nordstrand. Det er den første bydelen der folk med minoritetsbakgrunn har passert 50 prosent av befolkninga. I tillegg til buddhisttempelet, får bydelen snart ein splitter ny moské.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Fleire innbyggarar

Tariq trur at dei nye bygga kan gjere bydelen meir attraktiv for tilflyttarar.

– Kanskje tempelet gjer at fleire buddhistar kan tenke seg å bu her. Då vil dei vere nær tempelet, og det er eit flott bygg. I tillegg ligg det i eit område som er nært både skule og barnehage, seier han.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter