Nyheter

Trekkjer seg frå UNE

Erik Hillestad protesterer mot innvandringspolitikken som regjeringa fører. Han vil ikkje vere nemndmedlem i Utlendingsnemnda lenger.

Justisdepartementet er i innspurten med å finne fram til vel 300 personar som skal oppnemnast som leke nemndmedlemmer i Utlendingsnemnda (UNE) for perioden 2017-2020.

I inneverande fireårsperiode har 18 leke nemndmedlemmer trekt seg:

• Seks har sagt at det skuldast avgjerer i einskildsaker.

• To har gjeve opp helseårsaker.

• Fire fordi dei skulle over i oppdrag ved norske utanriksstasjonar.

• Seks har oppgjeve særskilte arbeidsforhold eller «andre tidkrevjande verv».

LES MEIR Prest opplever seg degradert av UNE

Ba om fritak

I ein e-post til Justisdepartementet skriv den siste som har trekt seg, kulturarbeidaren og plateselskapsleiaren Erik Hillestad at «I de nemndmøtene jeg har deltatt, har jeg opplevd at vanlig norsk rettspraksis med at tvilen skal komme tiltalte til gode ikke gjelder i UNE.»

Vel ein månad før funksjonstida gjekk ut, sa Hillestad, som leiar Kirkelig Kulturverksted, takk for seg i UNE:

«Jeg ønsker nå å bli fritatt fra vervet som nemndmedlem», skriv han til departementet. Meldinga er sendt vidare til UNE, som opplyser at Hillestads ønskje blir innfridd. UNE fortel vidare at Hillestad er den første av dei 18 som har trekt seg som trekkjer fram avgjerder han sjølv har vore med på.

LES OGSÅ: Slik gikk det da UDI, UNE og Landinfo inviterte kirke-, tros- og livssynssamfunn til toppmøte om konvertitter

– Fjernt frå ideala

Hillestad blei oppnemnd som nemndmedlem etter forslag frå Antirasistisk Senter.

– Kor mange nemndmøter har du møtt i?

– To. Eg har meldt forfall til fleire grunna utstrakt reiseverksemd.

I e-posten til departementet melder Hillestad at han opplever UNE som eit statleg organ han ikkje vil identifisere seg med lenger:

«Enhver tenkelig tvil kommer som regel i disfavør av søkeren, og UNE fungerer som et instrument for å realisere en innvandringspolitikk som er fjern fra de idealene og verdiene jeg mener Norge i utgangspunktet har som nasjon.»

– Ta dei i løgn

Han utdjupar til Vårt Land:

– Oppgåva til UNE er å ta asylsøkjaren i løgn, for grunnhaldninga er at folk snakkar usant når dei kjem til Norge, meiner Hillestad.

Han forklarar protesten med at han også har opplevd seg som eit gissel i nemnda. På nemndmøta Hillestad deltok i, fann han at «det var lagt ei systematisk føring, i og med at den humanitært oppnemnde medlemmen alltid er i mindretal».

– Dei fleste er nøgde

UNE opplyser at semje er det vanlege i nemndmøter. Om lag 80 prosent av sakene som blir avgjort i nemnd, endar med at alle tre blir samde om konklusjonen.

– UNEs nemndmedlemmer er gjennomgåande nøgde med korleis nemndmøta blir leia og gjennomførte. Dette veit vi fordi vi ber nemndmedlemmene om tilbakemelding etter møta, fortel informasjonsdirektør Bjørn Lyster i UNE.

Han viser til tal som seier at berre 1,5 prosent av nemndmedlemmene meiner at møta var «for sterkt spissa», slik at det ikkje famna breidda.

LES MEIR Listhaug seier nei til religiøse grupper

Trygg på rettstryggleiken

I Justisdepartementet seier politisk leiing seg godt nøgde med UNEs arbeid:

– Eg er trygg på at rettstryggleiken i UNE er god, og har tillitt til vurderingane som blir gjort i UNE. Nemnda skal vurdere klagene opp mot regelverket som gjeld til ei kvar tid, seier statssekretær Vidar Brein-Karlsen (Frp), og legg til:

– Utover det kan ikkje eg kommentere haldningane og meiningane til einskilde nemndmedlemmer.

I 2014 trekte nemndmedlem Espen Anderson seg etter at ein asylsøkjar, som kom til Norge som 14-åring, blei sendt ut av landet 13 år seinare. Til Bergens Tidende sa han at «Jeg har ikke samvittighet til å være en del av et system som jeg ikke har tillit til». Andersen var nominert av Redd Barna.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter