Nyheter

Tok straumen i 
Guatemala-bygd

KN-leiar måtte fortelje at ei bygd ikkje fekk lys og varme.

Bilde 1 av 2

Då utanriksminister Børge Brende (H) trong pengar til naudhjelp for syriske krigsoffer, tok han straumen til ei mayabygd i Guatemala.

Norge fekk eit rekordhøgt ­bistandsbudsjett i år. Men innan Stortinget kunne vedta 2016-budsjettet, hadde Utanriksdepartementet flytta større summar frå langsiktig bistand til humanitær bistand.

Blant postane som blei barbert, var energibistand:

«(...) innebærer omlegging av fornybar energibistand til et ­lavere ambisjonsnivå og betyr at inngåtte avtaler må ­avsluttes», melde Utanriks­departementet.

LES MEIR Prøver å få eks-generalar dømt for folkemord

Alt rett

Bistandsaktuelt fortel om ein dramatisk konse­kvens av «lavere ambisjons­nivå». På landsbygda i Guatemala skulle fem bygder endeleg kome ut av mørkret. Men berre fire av dei fekk lys og varme.

– Det var eit sjokk, seier Kristina Rødahl, Kirkens Nødhjelps landsjef i Guatemala, til ­Bistandsaktuelt.

– I dette programmet hadde vi jo gjort «alt rett», i tråd med prioriteringane til den norske­ regjeringa: urfolk, økonomisk­ berekraft, menneskerettar, miljø og fornybar energi. Det einaste som var «feil» var ­regionen: Mellom-Amerika.

Omdisponering

Dette skjedde:­ KN signerte ein avtale med fem landsbyar og maya­organisasjonar om å byggje fem små vasskraftverk i perioden 2015-2017. Utbyggingskostnadane skulle den norske ambassaden dekkje med bistandsmidlar. Ved årsskiftet hadde tre av dei fem landsbyane fått straum, to venta på lys og varme. I januar kom kuttmeldinga. Som følgje av budsjettprosessen­ i fjor haust var det ikkje lenger pengar på kontoen for vasskraftutbygging i Mellom-Amerika.

Guatemala-prosjektet blei ramma på to frontar: Først blei det kutt i regionløyvinga til Latin-Amerika, så blei det kutt i energisatsinga. Stortinget vedtok rammene medan Utanriksdepartementet plukka ut prosjekta som måtte bli ramma.­ Regjeringa omdisponerte ti millionar frå vasskraftprosjekte­t i Guatemala til ­humanitær innsats.

LES MEIR Tidlegare sexslavar blei trudd

Blir mørkt

I Guatemala var alle involverte opprørte. Løysinga blei eit billegare kraftverk.

KN fekk også grønt lys frå Norad for å bruke tilskot frå rammeløyvinga. I tillegg fekk KN ei pengegåve på 500.000 kroner til prosjektet.

Men dugnaden gav ikkje straum til alle. Det fjerde kraftverket blei ferdig, men den femte landsbyen må innsjå at straumen ikkje kom til dei.

– Det var ein tung beskjed å gje folka i landsbyen, seier Rødahl.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter