Nyheter

Tok kyrkja til retten

For første gang skal EU-domstolen ta stilling til ei diskrimineringssak mellom ei kyrkje og ein arbeidssøkar. Dommen kan påverke korleis slike saker blir vurdert i Noreg.

I 2012 søkte Vera Egenberger på ei prosjektstilling i Diakonisches Werk, ei stifting knytt til dei evangeliske kyrkjene i Tyskland.

Egenberger, som er forskar og utdanna sosialpedagog, meinte ho var kvalifisert. Ifølgje utlysinga skulle den tilsette førebu ein rapport om rasisme.

Rundt ein million menneske i Tyskland jobbar i kyrkjelege diakonistiftingar.

Til retten

Til trass for relevant erfaring, vart ikkje Egenberger kalla inn til intervju. Grunnen, ifølgje henne, var at ho ikkje var medlem i kyrkja, noko som var spesifisert som eit krav i stillingsutlysinga.

LES OGSÅ: Tredobling av saker om religionsdiskriminering

Ho tok saka til retten, og denne veka vart det klart at EU-domstolen i Luxemburg skal ta stilling til om ho vart diskriminert som søkar.

EU-domstolens rolle er å vurdere korleis dei ulike EU-direktiva skal bli forstått. Domstolen har aldri før blitt bedd om å tolke artikkel 4 i EUs likebehandlingsdirektiv, som opnar for at kyrkjer og andre offentlege eller private organisasjonar kan behandle søkarar på bakgrunn av tru, dersom er relevant for stillinga.

Unntak i lova

Norsk lov forbyr diskriminering på bakgrunn av religion eller det at nokon ikkje tilhøyrer ein religion. Men lovverket opnar for at arbeidsgjevarar i somme tilfelle kan innhente opplysningar om, og legge vekt på, korleis søkjarar stiller seg til religiøse spørsmål.

– Då må kravet om slike opplysningar vere grunngitte i karakteren til stillinga, eller at det inngår i formålet for den aktuelle verksemda å fremje bestemte religiøse syn, skriv seniorrådgjevar hjå Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO), Carl Fredrik Riise, i ein e-post til Vårt Land.

Fleire saker

Riise kjenner ikkje til ei tilsvarande sak i Noreg, men seier at LDO har vurdert fleire saker der trussamfunn har stilt krav om religiøs tilhøyrsle i stillingsannonsar.

LES OGSÅ: Tilfreds, tross diskriminering

Eitt døme er frå 2012, då ein kristen folkehøgskule skulle tilsette ein økonomileiar. I annonsen var det stilt krav til at søkarane måtte «dele skolens kristne livssyn og gå inn for å fremme skolens målsetning».

Først konkluderte LDO med at skulen hadde handla i strid med diskrimineringslova, men dette vart seinare omgjort av Likestillings- og diskrimineringsnemnda etter klage frå skulen.

Nemnda meinte økonomileiarens rolle var såpass knytt til utøving av religion, mellom anna gjennom utviklinga av skulens religiøse identitet, at skulen kunne stille krav om kristent livssyn.

Tilrår erstatning

Den endelege dommen frå EU-domstolen i Egenberger-saka vil kome på nyåret. Men sist torsdag kom ein av domstolens medlemmar, advokat Evgeni Tanchev, med si tilråding til den tyske retten. Det skriv Courthouse News Service (CNS).

LES OGSÅ: Forventar fleire saker om religiøs diskriminering

Ifølgje Tanchev kan ikkje den evangeliske kyrkja stille krav om tilhøyrsle til ein spesifikk religion i dette tilfellet, og heller mot at Egenberger skal få erstatning.

Tilrådinga hans er ikkje bindande for tysk rett, men kan likevel vere førande for den endelege dommen, ifølgje CNS.

Kan påverke norske saker

Riise i LDO meiner saka i Tyskland er prinsipielt viktig, fordi den omfattar arbeidssøkarars rett til å ha, eventuelt ikkje ha, ein religion.

Noreg har knytt seg til ei rekke av EU-direktiva på diskrimineringsfeltet. Vi er ikkje bundne av avgjerslene, men vi har forplikta oss til å følgje det som kjem frå EU-domstolen, seier Riise.

– Derfor kan avgjersla i denne konkrete saka bety noko for korleis ei liknande sak må vurderast i Noreg.

Les mer om mer disse temaene:

Heidi Marie Lindekleiv

Heidi Marie Lindekleiv

Heidi Marie Lindekleiv er journalist i kulturavdelingen i Vårt Land.

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter