Politikk

Titusenvis seier nei til fosterdiagnostikk – opprop tar av på Facebook

På rundt eit døgn hadde over 22.000 personar signert kampanjen #plasstilalle. Organisasjonen bak håpar engasjementet får politikarane til å seie nei til ny bioteknologi.

«Ingen barn må bevise sitt menneskeverd – heller ikke barn med Downs syndrom!»

Slik startar oppropet som blei lagt ut seint tysdag kveld, og torsdag er delt over 5000 gonger på Facebook.

#plasstilalle har profilar som forfattar Thorvald Steen, eks-minister Laila Dåvøy, forfattar Henrik Syse og skodespelar Marte Goksøyr i front, og organisasjonen Menneskeverd står bak.

No håpar interessegruppa at dei (så langt) 22.080 signaturane kan vekke politikarane – og hindre tidleg ultralyd og fosterdiagnostikk å bli ein del av den nye lova om bioteknologi.

Trur engasjementet kan skape endring

Tysdag 26. mai skal Stortinget stemme over fleire forslag som liberaliserer bioteknologi-lova. Då kan eggdonasjon, assistert befruktning til åleinekvinner, tidleg ultralyd og NIPT-test (som kan sjå sjukdommar hos foster) bli lov.

Spørsmålet om tidleg ultralyd har vore ei av KrF sine hjartesaker – ei sak dei no ser ut til å tape.

– Me vil vise kor mange som ikkje synest desse endringane er så greie, og kor mange som blir engasjert av dette spørsmålet, seier Kristin Rudstaden.

Ho er informasjonsansvarleg i Menneskeverd, ein interesseorganisasjon som jobbar for å styrke livsvernet, mellom anna for ufødde barn. Rudstaden trur farten på oppropet seier noko om kor mykje dette opptar folk.

– Eg trur me har stor moglegheit til å snu politikarane. Dei skal spegle folk sitt engasjement, tankar og meiningar om kva eit godt samfunn er, seier ho.

LES ANALYSEN: KrF kan gå på ein smell – men presset om bioteknologi piner òg Venstre og Frp

Kristin Rudstaden, informasjonsansvarleg i Menneskeverd.

Kristin Rudstaden og Menneskeverd meiner kampanjen speglar folks engasjement.

– Forslaga har gått for fort fram

Leiaren i Bioteknologirådet har kalla den nye lova «radikal», og stiller spørsmål i Aftenposten ved om den etiske og faglege debatten har vore god nok i innspurten. Menneskeverd meiner at varsellampene bør blinke.

– Me er mange som har blitt overraska over kor fort ein del av desse endringane blir hasta igjennom.

Fleire har reagert på at dei verken har blitt spurt eller høyrt på i denne saka. Politikarane har ikkje gitt plass til eit breidt utval av folk og stemmer, seier Rudstaden.

Ho understreker at noko fosterdiagnostikk viktig – og at dette er eit felt med mange nyansar og omsyn. Samtidig meiner organisasjonen at den nye bio-lova legger opp til eit system som i verste fall fører til eit sorteringssamfunn.

– Dette er så viktige spørsmål at det må leggast føringar for at systemet ikkje skal foretrekke å velje bort barn med Downs syndrom, seier Rudstaden.

LES ÒG: Fosteret kunne ha Downs: – Legen tok abort for gitt, seier mor

Kampanjen veks – kort tid før endringane

– Me er eigentleg ikkje overraska over kor bra det har gått – for me veit kor utruleg mange som er engasjerte i dette. Likevel er det ikkje gitt at så mange deler og skriver under, så det har vore veldig positivt, seier folka bak oppropet.

Menneskeverd får mange tilbakemeldingar frå folk som synest det å få valet om å ta imot eit sjukt foster eller ikkje, er vanskeleg.

– Mange opplever det som umenneskeleg å måtte forhalde seg til. Det å få eit barn med ekstra behov, er utruleg krevjande. Så det blir ein umogleg situasjon, seier Rudstaden.

– Eit stort fleirtal som får vite at fosteret har Downs syndrom, vel det bort. Det er tungt både for dei med downs-barn og dei med diagnosen sjølv, seier ho.

LES MEIR OM DEN NYE LOVA:

Omstridde detaljar om eggdonasjon: Dette vil partia gjere i ny bio-lov

Bioteknologirådet snur: Ønsker eggbank på linje med sædbank

Seks samfunnstoppar i opprop: Fryktar meir gentesting fører til press på å velje bort barn

Clemet, Lippestad, Syse, Bjørnøy, Horn og Steen: «Etterlyser mer refleksjon rundt barns tilblivelse»

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Politikk