Nyheter

Tilbyr nordmenn surrogati i Sverige

Surrogatiformidlar vil kome nærare nordiske kundar.

Medan helseminister Bent Høie (H) og Solberg-regjeringa balar med storrevisjonen av bioteknologilova, og dermed vanskelege medisinsk-etiske spørsmål, har ein israelsk surrogatiformidlar opna kontor i Stockholm. Hjå Tammuz Norden kan både single og par, heterofile og homofile, få hjelp til å bli foreldre.

– Dei første surrogatiavtalane er allereie signerte. Så om eit års tid må eg ordne dei juridiske sidene ved desse avtalane, fortel advokat Staffan Sörenson i Napoelon Jurister, som hjelper dei svenske kundane til Tammuz International Surrogacy som får barn ved hjelp av surrogati.

REPORTASJE: Dette foreldreparet deler hus – men har aldri vært kjærester

Adopsjon

Ingen har oversikt over kor mange norske barn som er født av surrogatmor i utlandet. Men Barne- ungdoms- og familiedirektoratet registrerer søknadar om stebarnadopsjon av barn født av surrogatmor.

Dei fem siste åra, 2011-2015, har Bufetat fått totalt 109 slike søknader, og dei fire første månadane i år har det kome 10 søknadar, viser tal Vårt Land har henta inn.

Etterspurnad

I Ønskebarn, ei norsk foreining for ufrivillig barnlause, forstår dei godt at surrogatiformidling blir etablert i Norden.

– Blant mange par og single er det ein svært sterk lyst etter barn. Difor er det ein veksande etterspurnad etter surrogati, seier styreleiar Lise Boeck Jakobsen.

LES OGSÅ: Ba surrogatmor abortere eitt av tre foster

To land

Det er det israelske selskapet Tammuz International Surrogacy som har etablert ein filial i Stockholm, som skal dekkje Finland, Danmark og Norge i tillegg til Sverige. Sidan starten i 2008 har selskapet hjelpt vel 500 barn til verda.

Tammuz har to land i katalogen dei byr fram i Norden: USA og Ukraina. Surrogatiavtalar med kvinner i USA er dyrast, 105.000 dollar – eller nesten 900.000 kroner. Dei som vel Ukraina betalar 61.000 dollar – eller godt over 500.000 kroner.

I tillegg kjem det utgifter for reise og opphald ved henting av barn og utgifter til advokat for det juridiske arbeidet.

VERDIDEBATT: Hvor ble det av etikken i debatten om surrogati og genetikk?

«Menneskehandel»

I KrF likar dei ikkje Tammuz-etableringa i Sverige. Det er ikkje formildande at det er eit israelsk selskap, påpeikar nestleiar og helsetalskvinne Olaug Bollestad:

– Surrogati inneber at ein opnar for kjøp og sal av barn, og leige eller utlån av kvinnekroppen, på ein måte som nærmar seg menneskehandel, seier ho held fram:

– Ingen kvinner skal vere eit middel for at andre skal få oppfylt sine ønskjer.

Ikkje-kommersiell

Norden har svært strenge surrogatilover. Kommersiell surrogati er ulovleg i alle dei fem landa. Danmark har eit unntak; det er lov med såkalla altruistisk surrogati, altså at kvinna som ber fram barnet ikkje tek betaling for jobben.

LES OGSÅ: Sverige sier nei til surrogati

Kontroversielt

På Stockholm-kontoret ordnar Tammuz alt det praktiske: Kontakt med klinikkar i anten USA eller Ukraina, som finn fram til surrogatimødrer med god helse-CV – og som ordnar med den assisterte befruktninga.

Advokat Staffan Sörenson erkjenner at tenesta er kontroversiell.

– Men ho er viktig for mange som ikkje klarar å bli foreldre på vanleg måte.

På det første informasjonsmøtet Tammuz Norden inviterte til i Stockholm, kom det eit tital interesserte.

LES OGSÅ: Ønskebarnet kom fra India

Ulovleg hjelp

Valet av Sverige som adresse for Norden-kontoret er ikkje tilfeldig. I Sverige er det ikkje ulovleg å formidle kommersielle surrogati.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter