Tilbyr babyluker for uønska nyfødde barn
Kvinner som i desperasjon vurderer å kaste den nyfødde babyen skal få hjelp. I Danmark får to sjukehus babyluker i veggen. Her kan babyar bli levert.
Vaktmeistaren skulle rydde i ei søppelsjakt i ei bustadblokk i København. I haugen av matavfall, papir og anna søppel fann han eit barn. Ei nyfødt jente. Hjarta banka i den vesle kroppen.
To menn frå Ballerup på Sjælland skulle kaste søppel i to innsamlingskonteinarar. Mellom konteinarane fann dei ein plastpose. Oppi låg ei nyfødt jente. Også ho levde.
Funna frå 2016 og 2015 føyar seg inn i rekkja. Sidan 2004 har ein funne 14 spedbarn rundt om i Danmark som er blitt dumpa av foreldre rett etter fødselen. Seks av dei var døde. Dei åtte som levde opp, har fått adoptivforeldre.
Bestill abonnement her
KJØP