Nyheter

Tidlegare tilsett i Bioteknologirådet er ekspert på genredigering: – Frustrerande å måtte slutta

Bioteknologirådet har mista fire tilsette på grunn av flytting til Bergen. Ein av dei er den prislønte forskaren Sigrid Bratlie.

I Vårt Land tysdag slår to medlemmer alarm om framtida til Bioteknologirådet. Det frittståande rådet mista 1. juli status som høyringsinstans for nye metodar innan fosterdiagnostikk.

LES MEIR: Medlem i Bioteknologirådet lurer på om lovendring var arbeidsuhell

I tillegg mister rådet minst fire av sju tilsette i sekretariatet på grunn av flytting frå Oslo til Bergen.

Ein av dei som slutta på grunn av flyttinga, er Sigrid Bratlie.

– Det var veldig frustrerande å måtte slutta i Bioteknologirådet på den måten. Sjølv om eg trivest godt i dei nye jobbane mine, meiner eg at eg har ein kompetanse som var nyttig for rådet. Dette er kompetanse som tek tid å bygga opp, som rådet no går glipp av, seier Bratlie til Vårt Land.

Ho slutta i fjor etter fire år som seniorrådgjevar i Bioteknologirådet. I dag jobbar ho som spesialrådgjevar i Kreftforeningen og fagsjef i Norsk Landbrukssamvirke.

Fekk pris som framragande forskar

Bratlie er molekylærbiolog og fekk i 2015 kongens gullmedalje til framragande, yngre forskarar.

Til hausten kjem ho med den populærvitskaplege boka Fremtidsmenneske saman med Hallvard Kvale. Boka skildrar korleis bioteknologien let oss overstyre biologien frå vogge til grav.

– I jobben i Bioteknologirådet hadde eg hovudansvar for ny teknologi, som genredigering. Eg heldt Bioteknologirådet oppdatert på endringar som får store konsekvensar for helse, reproduksjon, mat og helse.

Sekretariatet lagar saksframlegg til møta i Bioteknologirådet, i tillegg til å driva informasjonsarbeid.

– Sekretariatet speler ei heilt avgjerande rolle for at Bioteknologirådet skal kunna gje gode politiske råd. Då er det viktig at sekretariatet har god kompetanse og omfattande innsikt i politiske prosessar, seier Bratlie.

Medlem i Bioteknologirådet, Arne Holst-Jensen kjenner godt til jobben Sigrid Bratlie gjorde i sekretariatet.

– Ho har vore ein veldig dyktig person å ha i sekretariatet. Ho er engasjert på foredragsfronten og tok initiativ til saker ho meinte rådet bør diskutera.

Amerikanske forskarar skreiv medisinhistorie 4. mars, då det kom fram at genteknologien Crispr for første gong vart brukt på eit levande menneske. I forsøket på Oregon Health & Science University brukte dei genredigering med mål om å gje synet tilbake til ein blind pasient. Foto: Kristyna Wentz-Graff/OHSU/AP/NTB Scanpix

Leiarar åtvara mot flytting i 2019

Regjeringa vedtok i 2019 å flytta sekretariatet til Bioteknologirådet til Bergen. Flyttinga er i tråd med regjeringas ønske om å flytta statlege arbeidsplassar ut av Oslo.

I ei pressemelding skreiv regjeringa at flyttinga vil gje nærhet til miljø og kompetanse som er viktig for arbeidet til rådet.

Fire tidlegare leiarar i Bioteknologirådet protesterte mot flyttinga i ein kronikk i VG i 2019.

Der skriv dei:

Flytting av et lite, men fagtungt miljø vil også medføre lang gjenoppbyggingstid som vil hemme rådets virke vesentlig i denne perioden.

Bioteknologirådet står no midt i flytteprosessen, og har førebels eit kontor i Oslo og eit i Bergen. Innan 1. januar 2021 skal rådet vera på plass i Bergen.

Ei oppteljing Vårt Land har gjort, viser at flyttinga har ført til at fire av dei sju tilsette i sekretariatet har sagt opp. Det gjeld både direktør, kommunikasjonsdirektør og to seniorrådgjevarar.

I tillegg er det usikkert om dei to siste tilsette blir med over til Bergen.

– Det er ekstra utfordrande for Bioteknologirådet når mange kompetente tilsette sluttar samstundes, seier Sigrid Bratlie.

Ekspert på omstridd genteknologi

Sigrid Bratlie har spesialkompetanse på genteknologien med det kronglete namnet Crispr.

Crispr er ein metode der ein gjer målretta endringar i arvestoffet - DNA-et - i celler og organismar.

Metoden er enkel og billig. Den kan brukast på alt frå å stilla sjukdomsdiagnosar til å utvikla plantar som er meir næringsrike og motstandsdyktige til klimaendringar.

Men Crispr er omdiskutert, ikkje minst i spørsmålet om det er rett å bruka teknologien på befrukta celler.

Kritikarane frykter ei utvikling i retning sorteringssamfunn, der babyar sine eigenskapar kan designast i laboratorium.

«Kinas Dr. Frankenstein» dyttar på etiske grenser

Sigrid Bratlie trekk fram den kinesiske forskaren He Jiankui som eit døme. Han fekk tilnamnet «Kinas Dr. Frankenstein» då han i 2018 hevda å ha sørgja for at verdas første genredigerte barn kom til verda.

– Målet hans var å laga ein genmutasjon i DNA-et til embryoa for å gjera dei motstandsdyktige mot Hiv. Men han bomma, og fekk det ikkje heilt til. Desse to tvillingjentene lever sannsynlegvis, men blir haldne skjult. Ingen veit kva som skjer med dei. Forskaren er satt i fengsel.

Ho meiner den kinesiske forskaren har vore med å dytta på grensene for kva som er akseptabelt.

– Alle er einige i at det forsøket i Kina ikkje skulle ha skjedd, at det gjekk langt over dei etiske medisinske grensene. Likevel er det stemmer i den medisinske debatten som tek til orde for at Crispr er noko me skal utvikla for å førebygge sjukdommar hjå embryo.

Bioteknologilova opnar no for å bruka genredigering - inkludert Crispr - i forsking på befrukta egg fram til dag 14 etter befruktning. Det er forbode å starta ein graviditet med slike genredigerte befrukta egg.

– Debatten om Crispr utviklar seg veldig raskt. Sjølv om dette førebels blir lite diskutert i Noreg, kjem dette til å bli ein avgjerande teknologi i framtida, seier Bratlie.

«God etisk debatt utanfor Oslo-gryta»

Ole Frithjof Norheim, leiar i Bioteknologirådet, skriv i ein e-post til Vårt Land at han har teke den politiske avgjersla om å flytta rådet til Bergen til etterretning.

Han skriv dei alt har tilsett ein ny, dyktig direktør, og at fire nye medarbeidarar var på plass før sommaren.

«Vi er svært fornøyd med de nyansatte», skriv han og poengterer at flyttinga var ei politisk avgjerd.

I overgangen har rådet fått eit auka budsjett. Norheim skriv at dei har gjort alt som er mogeleg for at den daglege drifta skal gå så bra som mogeleg.

Han legg til:

«Å få sekretariatet til Bergen innebærer nye muligheter: her er entusiasme, sterke faglige miljøer og jeg er sikker på at vi kan fremme god etisk debatt om gen- og bioteknologi også utenfor Oslo-gryta.»

---

Bioteknologi

  • Bioteknologi opnar både for mogelegheiter og etiske fallgruver i kampen mot sjukdommar på menneske, dyr og plantar.
  • Bioteknologirådet skal hjelpa politikarar og vanlege folk med å navigera i dei etiske spørsmåla som denne teknologien fører med seg.
  • Rådet består av 15 faste medlemmer og fem varamedlemmer. I tillegg har dei eit sekretariat på sju tilsette.
  • Regjeringa har bestemt at rådet skal flytta frå Oslo til Bergen. Det har ført til at fire tilsette har sagt opp.
  • I Vårt Land tysdag slo to medlemmer alarm om framtida til Bioteknologirådet

---

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter