Nyheter

Terapien braut sinnespiralen

For Elisabeth Grundnes hadde dei sinte eksplosjonane blitt vanlege. No jobbar familievernet meir målretta for å finne fleire som Elisabeth, og gi dei hjelp som verkar.

– Eg trudde eg var sint i kjernen, eg trudde det var naturleg for meg. Då er det er vanskeleg å vite at det finst ein veg ut av det. Eg har mista kollegaar, vener og kjæraste fordi eg var så lett å trigge.

Elisabeth Grundnes levde lenge med eit temperament ho ikkje klarte å halde nede. Dei minste irritasjonar kunne utløyse sinnet, og det kunne gå ut over familien.

Sist veke skreiv Vårt Land om familievernet som no arbeider meir målretta for å avdekke usunne situasjonar og vald i samtalane dei har med familiar. Dersom ein behandlar i familievernet oppdagar at raseri og sinne er ei årsak til problem i ein familie, er sinnemeistring eitt av tiltaka dei tilrår.

Før Grundnes fekk hjelp til å meistre sinnet, trudde ho at ho berre var ein sint person.

– Men det var frykt. Eg har sett at mange opplevingar frå oppveksten min tyder på det. Alle kan bli sint viss ein har opplevd nok drit.

LES MEIR: Barneombodet vil ha obligatorisk foreldrekurs

Går i arv

Personar som slit med sinnet kan ha veldig ulike måtar å bli sinte på, og dei har ulike problem knytt til at dei blir sinte. For nokre er det ein kort veg frå sinne til psykisk eller fysisk vald, medan andre får hjelp for å unngå at dei utviklar valdelege tendensar.

Forsking på dette viser at det ikkje er heilt tilfeldig kven som får problem med sinnet, og som kan bikke over til vald.

– Det finst nokre risikogrupper for kven som kan bli valdsutøvarar når dei blir vaksne. Det kan vere folk som har hatt ei oppvekst med vald eller rus, og som ikkje har fått den omsorg og tryggleik til å bli eit trygt menneske. Dette går også i arv, ein overfører det ein har opplevd til sine barn. Det oppstår ikkje i eit vakuum, seier Ragna Lundgaard, som er psykologspesialist og leiar for Alternativ til vald i Oslo, som tilbyr sinnemeistringsterapi.

Sjølv om det finst nokre grupper som kan vere meir utsett for sinneproblem enn andre, er behandlarar nøye med å understreke at dette skjer over alt i samfunnet.

– Det er folk frå alle lag som har desse problema. Vi har behandla politi, tjuv, prest og snekker. Om lag 40 prosent av dei som får denne terapien er kvinner, seier Stig Jarwson, som er ansvarleg for eit utdanningsprogram på St. Olavs hospital i Brøset-modellen for sinnemeistring.

LES MEIR: Åtvarar mot obligatorisk foreldrekurs

Forstå kjenslene

Behandlinga etter denne modellen er basert på kognitiv terapi, som mellom anna går ut på å bli klar over kva tankar som heng saman med åtferd.

– Når ein kjenner seg krenka eller såra, produserer kroppen adrenalin. Dei må lære alle faktorane om kva som skjer i hjernen og i kroppen når ein blir sint. For då kan dei sjå samanhengen med dei kjenslene ein kjenner, og så kan dei gjere noko med handlingane, seier Jarwson.

Denne modellen lærer dei vekk til familievernkontora i heile Norge.

Byte tankar

I 2016 fekk Elisabeth Grundnes byrje i terapi på sitt lokale familievernkontor. Ho fortel at terapien lærte ho å oppdage sider av dei sinte tankane som ho ikkje visste om frå før.

– Eg lærte meg å kjenne att triggerane, og å utforske dei automatiske tankane som gjer at eg blir sint. Eg trudde dei sinte tankane var ein del av meg, men dei var ikkje det. Eg kan byte dei ut med andre tankar.

Ho fortel at ho no kan utforske dei tankane som før øydela for henne og dei rundt.

– No kan eg kjenne kroppslege teikn på det som skjer før eksplosjonen. Eg klarte å kople på fornuftige tankar, tenke meg om før det kom ei handling. «Er eg stressa, er eg redd, er eg svolten?»

Og så kan ho gjere noko med det. Grundnes fortel at ho mellom anna brukar å bryte opp tankane og tenke på gledelege ting som ho ser fram til.

– Det handlar om å ikkje gjenta handlingsmønstra som gjorde at eg mista kontrollen. Ingenting er vanskelegare for oss menneske enn å endre på vanane våre.

Resultat

I desember skal det for første gong leggast fram forsking som viser kva effekt denne terapien har. Jarwson seier at førebelse resultat ser bra ut.

– Vi ser at folk over tid blir lettare til sinns. Nokon er deprimerte når dei kjem fordi dei ikkje klarer å beherske andre ting i livet, i tillegg til sinnet. Men etterkvart har dei det lettare i livet, det kan vi sjå, seier Jarwson.

Han seier at nokon merkar at dei dårlege kjenslene vender tilbake, eller høyrer frå partneren sin at dei blir mørkare i blikket. Då er det mest vanleg at dei berre treng nokre enkle samtaler.

Fleire gir

– Det er ikkje over – det er heile tida ein prosess. Temperamentet blir ikkje borte, det er her enno. Men eg har fått fleire gir på motoren no. Før hadde eg berre full fart, seier Grundnes.

Sjølv etter at ho var ferdig med sinnemeistringsterapien har ho vore nøydd til å jobbe hardt med dei nye tankemønstra ho har lært. Ho er overtydd over at terapien ikkje berre har gjort henne betre rusta til å meistre dei sinte kjenslene.

– Det skulle heite kjenslemeistring, for når ein har takla sinnet kan ein takle heile lista av kjensler. Målet var å bli ei betre mor, men eg har òg blitt ein betre ven og ein betre familiemedlem. Folk kommenterer at eg har endra meg, og det er veldig hyggeleg.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter