Nyheter

Tek andakta tilbake etter lesarstorm

«Me lyttar», skriv redaktør Hilde Garlid i Jærbladet.

«Reaksjonane har vore mange og engasjerte. Jærbladet sine fredagstankar har tydelegvis vore viktigare for mange av lesarane våre, enn kva me har vore kjent med. All ære til kvar og ein av dei skribentane som har bidratt til det.»

Det skriv redaktør i Jærbladet, Hilde Garlid, i si eiga avis fredag 22. mai.

LES MEIR: Lokalavis droppar andakta

Ville spare 10.000 i året

Førre veke skrev Vårt Land at ein gjennomgang av økonomien sette det prinsipielle spørsmålet om andakt på agendaen i Jærbladet sin redaksjon. Sjølv om kutting av fredagsspalta «Tankar» berre ville gje ei innsparing på 10.000 kroner i året, landa leiinga på at det var best å seie stopp.

– Vi har hatt ein diskusjon gåande i redaksjonen det siste året, rundt det prinsipielle med å ha ein andakt i avisa. Det handlar om sjangeren, sa Garlid til Vårt Land.

– Fleire har opplevd det som problematisk å ha forkynning for ein bestemt religion i avisa.

Trua med å seie opp avisa

Etter at avgjerda blei kjend, har tilbakemeldingane strøyma inn til redaksjonen. Dei fleste har vore prega av «ekte, varme kjensler for ein fredagstradisjon som dei meiner kjem frå eit grunnfjell på Jæren», men nokre har vore sårande.

«Jærbladet har blitt tillagt redaksjonelle haldningar om folk og tru som me ikkje har, og eg har blitt stempla med verdiar eg ikkje har eit snev av», skriv Garlid.

På sosiale medium blei det trua med oppseiingar av abonnementet, skriv Sambåndet. No er spalta på plass igjen, men i ei litt anna form enn før.

– Gir forhåpentlegvis eit varmare samfunn

«Me ber no om bidragsytarar som vil dele sine personlege refleksjonar omkring tru og livssyn, etikk, moral og livsverdiar», skriv redaktøren, som spør seg om snuoperasjonen syner at Jærbladet har gjeve etter for press.

Ho svarar sjølv: «Eg vil seie at me har lytta, og håpar at det i seg sjølv er ein verdi som denne spalta bidrar til i framtida. Betre innsyn i kva me trur på gir forhåpentlegvis eit varmare samfunn.»

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter