Tåkekrigarane
I Danmark går regjeringa til krig mot islamistiske terroristar etter brei behandling i Folketinget. I Norge går regjeringa inn i den same krigen etter hemmelege samtalar i Stortinget.
2. mai heldt statsminister Erna Solberg, forsvarsminister Ine Eriksen Søreide og utanriksminister Børge Brende ein pressekonferanse i samband med at Norge skal sende spesialsoldatar til Jordan som skal krige i Syria.
ANALYSE: Krig er vanskeleg i nasjonen som har dette utanrikspolitiske sjølvbilete: Vi er ei humanitær stormakt.
I Norge ligg entusiasmen for krig i spennet frå «eg likar ikkje bomber, eg» til «Norge bombar mest og best.»
Førstnemnde oppsummering kom frå KrF-leiar og statsråd Valgerd Svarstad Haugland våren 1999 då Norge vegra seg mot å delta i NATO-krigen mot Serbia. Norske jagarfly flaug eskorte. Andre nasjonar bomba.
Bestill abonnement her
KJØP