Sviktar studentar frå afrikanske land
Fattige afrikanske studentar kjem ikkje lenger til Norge for å få gratis utdanning heimlanda sårt treng. Rike asiatiske studentar får plassane. KrF vedgår bom.
Anders Breidlid er professor ved Høgskolen i Oslo og Akershus, Fakultet for lærerutdanning og internasjonale studier.
Henriette Lien Pedersen
– KrF har svikta studentar frå særleg afrikanske land, refsar professor Anders Breidlid. Han har i ei årrekkje hatt ansvar for eit studieprogram som har sendt heim ei stor gruppe unge menneske, med topp norsk masterutdanning, til heimland i særleg Afrika.
– Kva slags jobbar har dei fått i heimlanda?
– Fleire har vendt heim til universitet og høgskular for å byggje opp studier som manglar. Mange har fått viktige stillingar i statsapparatet. I sum har dei kome tilbake med kunnskap som er etterspurd i bygginga av landet, forklarar Breidlid.
Bestill abonnement her
KJØP