Nyheter

Sverigedemokraterna fengar kristne veljarar

Det høgrepopulistiske og innvandringskritiske Sverigedemokraterna (SD) har draget på kristne veljarar. – Eg ber til Gud kvar dag, seier partileiaren.

Sundag 9. september går svenskane til valurnene for å velje ny Riksdag. Kampen står om 349 seter, og regjeringsmakt.

Ei fersk meiningsmåling instituttet Sifo har gjort for den svenske avisa Dagen viser at partiet ingen vil samarbeide med i Riksdagen, Sverigedemokraterna, har fått ein svært sterk posisjon blant veljarar som definerer seg som kristne.

Heile 18 prosent ville ha røysta på SD om det var riksdagsval no. Til samanlikning fekk SD berre ei oppslutning på fire prosent blant kristne ved valet for fire år sidan, viste ei valmåling.

Partiet som har kristen i namnet, KrFs svenske søsterparti Kristdemokraterna, har ein oppslutning på ti prosent blant kristne i Sverige, viser målinga i Dagen. Størst er Socialdemokraterna med 22 prosent.

Ut frå standpunkta i innvandringspolitikken blir svenske SD ofte samanlika med Framstegspartiet her i landet.

LES MEIR Svenskene kan få valgsjokk og kaos

Retorikk

– Sverigedemokraterna har gjennom ein skikkeleg retorikk marknadsført seg som det einaste partiet som verkeleg står opp for den kristne trua i Sverige, meiner politisk kommentator Elisabeth Sandlund i Dagen.

Ho skriv at ei anna forklaring på SDs sterke oppslutning er at partiet er blitt langt stovevarmt etter at dei andre partia langt på veg har lagt seg på Sverigedemokraternas line i asyl- og innvandringspolitikken.

– Når begge statsministerkandidatane, Stefan Löfven (Socialdemokraterna, red.anm.) og Ulf Kristersson (Moderaterna, red.anm.) seier slikt som tidlegare berre kom ut av Jimmie Åkessons munn, er det ikkje til undre seg over at også kristne veljarar blir påverka, skriv Sandlund.

Kristenarv

Sidan førre riksdagsval i 2014 har SD-leiar Jimmie Åkesson lagt stor vekt på at han står opp for og forsvarar kristne verdiar.

Under ein tale på Almedalsveckan, eit årleg politisk storstevne i Sverige, hadde Åkesson i 2015 denne helsinga til «alle verdas islamistar»:

– Dykkar krig mot dei kristne i Irak og Syria, er nedslakting av kristne familiar – det er eit åtak på heile den kristne, vestlege og demokratiske verda. De kan aldri drepe alle oss, og de kan aldri vinne.

Til svenske islamistar som hadde reist til Irak og Syria for å kjempe for det såkalla IS-kalifatet, sa Åkesson at dei kunne bli der dei var:

– Sverige er ikkje lenger dykkar heim, så prøv ikkje å ta dykk tilbake til dette landet, som er bygd på demokrati og ein tusenårig kristen grunn.

Kyrkjevekst

I fjor haust var det kyrkjeval i Sverige. Sverigedemokraterna og Åkesson satsa sterkt, for til skilnad frå Norge stiller dei politiske partia lister ved kyrkjevala.

SD gjorde eit godt val, og fekk ei oppslutning på ni prosent av delegatane til det svenske kyrkjemøtet, noko som var opp tre prosent frå førre kyrkjeval.

LES MEIR Kristne velgere vendte SD ryggen

Bøn

Tidlegare i vinter blei SD-leiaren intervjua av journalisten og skodespelaren Sven Melander på hans eigen youtube-kanal. Her fortalde Åkesson at han såg på seg sjølv som ein tvilar. Men han har eit fast dagleg ritual:

– Eg ber til Gud kvar dag.

I intervjuet understrekar den omstridde politikaren at kristendommen er særs viktig for Sverige:

– Kristendommen og vår kristne arv har forma samfunnet vårt, det har forma meg og det har forma nesten alt vi ser i landet. Å plukke kristendom og gudstru ut av det svenske samfunnet, er som å plukke egga ut av sukkerbrødet, meiner Jimmie Åkesson.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter